Hopp til innhold

Dette skjedde natt til 4. januar

** 130 fangar på rømmen frå filippinsk fengsel
** Tsunamivarsel avblåst ved Fiji
** Charles Manson skal vera alvorleg sjuk

Dette skjedde i natt 4. januar
Foto: Handout/Will Burgess / AP/DL

Masseflukt etter angrep mot filippinsk fengsel

130 fangar skal vera på rømmen etter eit angrep mot eit fengsel sør på Filippinane. Styresmaktene mistenker at islamistiske opprørarar sto bak angrepet. Masseflukten er den mest omfattande på mange år, opplyser styresmaktene.

130 fangar på rømmen frå filippinsk fengsel

Avblåst tsunamivarsel ved Fiji

Eit jordskjelv med styrke 7,2 blei registrert i havet utanfor Fiji i Stillehavet. Eit tsunamivarsel etter skjelvet blei avblåst ein time etterpå. Radio New Zealand opplyste at folk blei evakuert frå Nadi etter skjelvet. Byen har rundt 42.000 innbyggarar og er eit knutepunkt for turismen på Fiji.

Charles Manson innlagd på sjukehus utanfor fengselet

Den amerikanske massedrapsmannen Charles Manson er innlagd på sjukehus utanfor fengselet i California, der han sonar livstid. Han skal vera alvorleg sjuk, ifølge fleire amerikanske medium. Manson leia den såkalla Manson-familien, ei sektliknande gruppa som stod bak fleire drap i California på 1930-talet. Charles Manson er i dag 82 år gamal og har sete i fengselet i rundt 50 år.

Charles Manson lagt inn på sykehus

Janet Jackson (50) har fått ein son

Det er popdronninga sin fyrstefødde, melder Reuters. – Janet Jackson og ektemannen Wissam Al Mana er overlukkelege over å kunne ønska sonen Eissa Al Mana velkomen til verda, skriv People magazine.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no