Dette skjedde natt til 31. oktober

** Senator: FBI-sjef kan ha brote lova
** Prorussisk valseier i Moldova
** Krisesamtalar byrja i Venezuela
** Mann hoppa ut av brennande bustad

Den prorussiske kandidaten Igor Dodon, Demokratenes leder i Senatet, Harry Reid og Venzuela-opposisj
Foto: Gleb Garanich/Carlos Garcia Rawlins/Steve Marcus / Reuters

Senator er kritisk til FBI-sjefen

FBI-sjef James Comey kan ha brote amerikansk lov. Det hevder demokratane sin leiar i senatet, Harry Reid. Han viser til ei lov som forbyr FBI-ansatte å bruka posisjonen sin i FBI til å påvirka val. Comey varsla fredag om at FBI opnar på nytt ein etterforsking av e-post-bruken til den demokratiske presidenkandidaten Hillary Clinton. FBI har oppdaga e-postar hjå ein kongress-politikar dei meiner kan vera relevante for etterforskinga. Kritikarane meiner Comey har sagt for lite om korleis Clinton kan knyttast til saka, og at FBI burde offentleggjort saka etter valet.

Fyrste valrunde over i Moldova

Den prorussiske kandidaten Igor Dodon gjorde det best i fyrste runde av presidentvalet i Moldova. Då 95 prosent av stemmene var talt opp hadde Dondon, som representerer sosialistpartiet, ei oppslutning på 49,2 prosent. Motkandidaten og EU-vennlege, Maya Sandu, hadde 37,5 prosent av stemmene. Det inneber at det blir ein ny valrunde 13. november.

Krisesamtalar byrja i Venezuela

Fleire medlemar av opposisjonen i Venezuela har starta samtalar med regjeringa i eit forsøk på å løysa landet sin politiske krisa. Forhandlingane er i gang, men blir framleis boikotta av 15 parti som er negative til at styresmaktene avlyste ei folkerøysting som hadde som mål å fjerna president Nicolás Maduro frå makta.

Les meir: Krise i Venezuela

Bustad stod i full fyr i Akershus

Ein mann i 50-åra måtte hoppa ut frå eit vindauga i andre etasje etter at bustaden hans på Flateby i Akershus stod i full fyr i natt. Mannen er sendt til Akershus Universitetssjukehus med mogleg brot i begge beina, skriv politiet i Follo politidistrikt på Twitter. Brannen er no slokka, og det er ikkje kjent kor brannen skal ha starta.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 03030 eller 03030@nrk.no