Dette skjedde natt til 30. oktober

• Ny smitterekord i Noreg: 495 nye
• Trump hevdar han har stansa pandemien
• New Zealand-ja til dødshjelp

Donald og melania Trump går ned flytrappen på Andrews flybase på vei hjem fra en tre dager lang valgturne til flere vippestater.

HEIMVEG: President Donald Trump og kona Melania går ned flytrappa på Andrews flybase på veg heim frå ein tre dagar lang valturné til fleire vippestatar. Staben hans hevdar at pandemien er stansa.

Foto: JONATHAN ERNST / Reuters/NTB

Ny smitterekord i Noreg: 495 nye

Det siste døgnet er det registert 495 nye smittetilfelle i Noreg. Det er det høgaste talet som er registert under pandemien. 47 menneske er innlagde på sjukehus med covid-19-sykdom. 281 menneske er døde.

Talet på smitta sidan mars er no oppe i 19.563.

Trump hevdar han har stansa pandemien

Trass i rekordstor smitte også i USA, meiner Det kvite huset at president Donald Trump har klart å «avslutte koronapandemien». Punktet står på topp av lista over kva president Trump har oppnådd i den første perioden sin.

Det siste døgnet er det registert 91.295 nye koronatilfelle i USA, viser tal frå Johns Hopkins-universitetet. Det er første gong døgntalet er over 90.000. Smitten stig i 12 delstatar, fleire av dei viktige vippestatar i valet om fire dagar.

Sykepleiere i arbeid på en teststasjon for koronasmitte i El Paso i Texas 27. oktober 2020

REKORDSMITTE: Sjukepleiarar i arbeid på ein teststasjon for koronasmitte i El Paso i Texas. 12 delstatar sette smitterekord denne veka.

Foto: PAUL RATJE / Reuters/NTB

New Zealand sier ja til dødshjelp

I ein folkeavstemmning seier 65 prosent av veljarane på New Zealands ja til legalisering av aktiv dødshjelp. På spørsmål om legalisering av marihuana seier 53 prosent nei. Det viser resultatet etter at 83 prosent av stemmene er talte opp.

Det endelege resultatet vert først klart i neste veke. Folkeavstemminga vart gjort i samband med valet 17. oktober, der den sittande statsministeren, Jacinda Ardern og hennar parti Labour, vann stort.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no