FHI tilrår kjøp av koronapiller
Norske koronapasientar kan snart få tilbod om ein ny, lovande koronamedisin, skriv VG. Det dreier seg om ein enkelt kur med fire tablettar to gonger dagleg i fem dagar.
Måndag vart det meldt om 2877 nye smittetilfelle her i landet. Det er 486 fleire enn førre måndag, og veketrenden er framleis stigande. I Oslo vart det meldt om 831 nye tilfelle, noko som er ny døgnrekord. Måndag var 250 koronapasientar innlagde på norske sjukehus, 29 fleire enn på søndag.
CNN-vert hjelpte guvernør-bror
CNN-anker Chris Cuomo spilte ei større rolle enn tidlegare kjent i å forsvare broren, New York-guvernør Andrew Cuomo, mot skuldingar om seksuell trakassering. Det viser nye dokument, skriv New York Times.
Chris Cuomo har innrømt at det var feil å vere uoffisielle rådgjevar for broren, men omfanget av rolla hans har ikkje vore kjent før nå. Han understrekar at han aldri jobba med eller rapporterte om broren si sak på CNN.
Andrew Cuomo og Chris Cuomo. New York-guvernøren (til høgre) trekte seg i august.
Foto: Mike Groll / Evan Agostini/Invision / APDød person funnen på Kvaløya
Ved 23-tida måndag kveld vart ein person funnen død på Kvaløya ved Tromsø, opplyser politiet i Troms. Funnet vert sett i samanheng med leitinga etter ein mann i 30-åra som har gått føre seg siste døgn. Den omkomne vart funnen av søkemannskap frå Norske redningshundar. Pårørande er varsla.