Dette skjedde natt til 3. mars

• Ny korona-medisin tatt i bruk i Sverige
• Biden si regjering er framleis halvtom
• 100.000 nordmenn offer for ID-tjuveri

Ein sjukepleiar viser fram ein dose med den eksperimentelle koronamedisinen Bamlanivimab fra Eli Lilly

Sverige har tatt i bruk den eksperimentelle antivirale medisinen Bamlanivimab.

Foto: Ondrej Deml / CTK / NTB

Ny korona-medisin tatt i bruk i Sverige

I Sverige er den første koronapasienten behandla med eit nytt legemiddel kalla Bamlanivimab. Det er det amerikanske legemiddelfirmaet Eli Lilly som har levert den første dosen på ein beredskapslisens.

Ifølgje Sveriges Television får Sverige dei 200 første ordinære dosane neste veke.

Bamlanivimab er ei ny, syntetisk antistoffbehandling mot covid-19 som blei tillaten brukt i Sverige i februar. Behandlinga blei hastegodkjend i USA i november. Førebels er Bamlanivimab rekna som eksperimentell medisin.

Biden si regjering er framleis halvtom

Over ein månad etter presidentskiftet i USA er taburettane i regjeringa til Joe Biden ikkje fylte. Berre 12 av 23 nominasjonar er godkjende i Senatet.

Farten på utnemningane er den treigaste i moderne tid, ifølgje nyheitsbyrået AP.

Neera Tanden

Utnemninga av Neera Tanden blei torpedert av Biden sine motstandarar i Senatet.

Foto: CHANDAN KHANNA / AFP / NTB

100.000 nordmenn offer for ID-tjuveri

Dei siste to åra har fleire enn 100.000 nordmenn opplevd ID-tjuveri, viser ei undersøking gjort av Respons Analyse på vegner av Skatteetaten og Norsk senter for informasjonssikring (NorsIS).

Den viser at 3,6 prosent av dei spurde seier identiteten deira er misbrukt i løpet av dei to siste åra. Folk mellom 45 og 59 år og dei under 30 år er mest utsett.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no