Dette skjedde natt til 28. september

• 7000 lava-evakuert på Kanariøy
• Lysfenomen kan ha vore rakett
• Biskopar lover millionerstatning

Vulkanutbrudd på kanariøya La Palma

LA PALMA: Vulkanen Cumbre Vieja, som betyr den gamle fjelltoppen, held fram å spy ut glødande lava.

Foto: NACHO DOCE / Reuters

7000 evakuert på Kanariøy

Vulkanen Cumbre Vieja på kanariøya La Palma held fram å spy ut glødande lava etter ni dagar med utbrott av varierande intensitet. Spruten av varm magma var i natt opptil 100 meter høg, og lavaen strøymer nedover fjellsida mot sjøen og fleire små fiskarlandsbyar. Nær 7000 menneske er evakuerte.

Lysfenomen kan ha vore rakett

Lysfenomenet som vart sett over deler av Noreg seint måndag kveld, kan ha vore deler av ein Centaur-rakett som sende opp ein Landsat9-satellitt måndag. Delen som lyste opp nattehimmelen kan ha vore øvre del av bereraketten som var på veg ned gjennom atmosfæren der han brann opp. Dette bildet er tatt over Nederland av Marco Langbroek på Leiden-universitetet og delt på Twitter.

Centaur bærerakett

Lysfenomenet som var synleg over store deler av Noreg natt til tysdag, kan ha vore ein bererakett frå ein satellittoppskyting.

Foto: twitter.com/Marco_Langbroek/status/1442606218896367617

Biskopar lovar millionar til kostskuleelevar

I Canada lovar katolske biskopar å gje over 200 millionar kroner i erstatning til offera for overgrep ved kostskular for urfolk. Pengane skal utbetalast over fem år og gjere bot for elevane sine lidingar på kostskulane.

Urfolksleiarar seier dei hadde håpt at biskopane ville invitere paven til Canada for å be om orsaking.

Elevar og ei nonne fotografert i eit klasserom på Cross Lake Indian Residential School i Canada i februar 1940

Elevar og ei nonne fotografert i eit klasserom på Cross Lake Indian Residential School i Canada i februar 1940.

Foto: Library and Archives Canada

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no