Hopp til innhold

Dette skjedde natt til 28. juli

• Drama då norsk medaljehåp kantra
• Olaf Tufte avslutta i tårar
• Seks nye verdsarvstadar

Sommer-OL i Tokyo 2021

SLÅTT UT: Den norske dobbeltsculleren kantra i dei kraftige vindkasta.

Foto: Lise Åserud / NTB

Medaljehåp kantra – slått ut av OL

Den norske dobbeltsculleren var på veg mot finale i Tokyo i natt då båten kantra. Kristoffer Brun og Are Strandli rauk ut i semifinalen på dei siste 500 metrane.

Olaf Tufte avslutta i tårar

For Olaf Tufte og dei andre tre i dobbeltfiraren gjekk det heller ikkje vegen i natt. Dei enda på 3.-plass i B-finalen, og fekk ein 9.-plass samanlagd.

Etter målgang braut OL-veteranen saman i tårar. Han seier han vil trekke seg unna ro-miljøet for ei stund.

Olaf Tufte

Olaf Tufte og dei andre norske roarane enda på 9.-plass samanlagd i natt i Tokyo.

Foto: Lise Åserud / NTB

Nye verdsarv-stadar utpeika

Byen Nice, Tlaxcala-katedralen i Mexico, chilenske mumiar og eit eldgamalt solobservatorium i Peru er blant stadane som har fått verdsarvstatus. Unescos verdsarvkomité, som er samla til årsmøte i Fuzhou i Kina, gav tysdag og verdsarvstatus til historiske jødiske senter i Tyskland og til ein del av grensa til det romerske imperiet.

Mumieskulptur i Chile - Centro Gestion Chinchorro. På Unescos verdensarv liste
Foto: CARLOS CHOW / AFP / NTB

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no