24.000 lynnedslag i Sør-Noreg
Uvêret over Sør-Noreg i natt har ført med seg over 24.000 lynnedslag, ifølgje Meteorologisk institutt. Verst har det gått utover Rogaland, Agder og Austlandet.
Rundt 4000 husstandar i Agder var utan straum måndag kveld. Feilretting har gått føre seg i heile natt, og talet på straumlause er no rundt 170, opplyser Agder Energi.
Brann på Norcem-fabrikk kom av regn
I natt kjempa brannmannskap for å slå ned ein brann i kollageret på Norcems sementfabrikk i Brevik i Telemark.
Brannen som starta ved 22-tida, kom av at regnvatn kom inn i styresystemet slik at det gjekk i stå. Dermed sjølvtente finkullet i anlegget.
Ved 01-tida i natt tvitra selskapet at brannen var under kontroll, men at mykje arbeid stod att før dei hadde oversikt over skadane. Først på morgonkvisten rapporterte dei at brannen var slukka.
Skadane etter nattas brann er store på Norcems sementfabrikk i Brevik.
Foto: Aud Darrud / NRK330 nye smitta – trenden stig
Det siste døgnet er det registrert 330 nye koronatilfelle i Noreg. Det er 135 fleire enn førre måndag, og det høgaste smittetalet på nesten to månader.