Hopp til innhold

Dette skjedde natt til 26. november

• FN innkallar til krisemøte etter angrep på ukrainske skip
• Mexico varslar deportasjon av 500 migrantar
• Mann sakna etter brann i fiskebruk i Lofoten

Dette skjedde i natt 26. november

Dette skjedde natt til 26. november.

Foto: Pavel Rebrov /Ramon Espinosa / Reuters /AP

FN kallar inn til krisemøte etter russisk angrep på ukrainske fartøy

Tryggingsrådet i FN er innkalla til krisemøte måndag kl. 11. I Ukraina ber president Petro Porosjenko om at parlamentet erklærer militær unntakstilstand, etter at Russland skaut mot tre ukrainske marinefartøy i Svartehavet.

Både EU og Nato har åtvara Russland, og bede dei la skipstrafikken gå uhindra gjennom Kartsj-sundet som no er sperra av ein russisk tankbåt. Russland har stadfesta at dei skaut mot og tok kontroll over skipa som dei meiner var i ulovleg område.

Dei ukrainske fartøya var på veg frå Odessa til ukrainsk hamn i Azovhavet, då dei vart skotne på og borda av russiske spesialstyrkar.

I natt har det vore demonstrasjonar utanfor den russiske ambassaden i den ukrainske hovudstaden.

Demonstrasjon foran den russiske ambassaden i Kiev

KIEV: Sinte demonstrantar viste i natt kva dei meiner om Russlands angrep på ukrainske skip, utanfor den russiske ambassaden i Kiev.

Foto: Gleb Garanich / Reuters

Mexico varslar deportasjon av 500 migrantar

Etter kaoset som oppstod ved grenseovergangen mellom USA og Mexico søndag kveld, seier mexicanske styresmakter at dei umiddelbart vil utvise dei om lag 500 migrantane som «på valdeleg og ulovleg vis» forsøkte å krysse grensa til USA.

Migrantane som er frå El Salvador, Guatemala og Honduras, forsøkte å krysse grensa mellom USA og Mexico ved grenseovergangane San Ysidro i Tijuana. Der vart dei møtt av tåregass frå amerikanske grensevakter.

Mexicanske politifolk med hjelmar og skjold forsøkte og å stogge migrantane.

Deretter vart heile den travle grenseovergangen stengt. Etter fem timar vart overgangen igjen opna for gåande og køyrande.

En mann fra Honduras står foran amerikanske grensevakter ved Tijuana

TIJUANA: En mann frå Honduras forsøker å overtyde amerikanske grensevakter om å sleppe han over grensa ved Tijuana.

Foto: Ramon Espinosa / AP

Mann sakna etter brann i fiskebruk

Brannfolk i Flakstad i Lofoten har i heile natt heldt på med ettersløkking etter ein brann i eit fiskebruk på Sund.

Røykdykkarar har ikkje kunne gått gjennom heile bygget på grunn av ustabilitet i tak og golv.

Bygget skal ha inneheldt bueiningar for arbeidarar, og ein bebuar er det ikkje gjort greie for.

Det skal ha budd i alt fem utanlandske arbeidarar i anlegget. Dei fire andre er innkvarterte i eit hus i området. Det skal ikkje ha vore produksjon i fiskebruket.

Ei redningsskøyte i området har gjort strandsøk etter den sakna bebuaren.

Brann i Sund i Flakstad kommune

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no