Dette skjedde natt til 25. oktober

• Tre sakna i elv i Hardanger
• Kulturstreiken er over
• 243 millioner til TV-aksjonen

Redningsaksjon Tokagjelet Kvam Hardanger

Politi, brannfolk og frivillige har i heile natt leita etter dei tre som er sakna i Tokagjelet i Hardanger.

Foto: Linnea Skare Oskarsen / NRK

Tre sakna i flaumstor elv i Hardanger

Ei kvinne og to menn er sakna etter at ein robåt vart teken av straumen i Tokagjelet i Kvam i Hardanger søndag kveld. Politiet fryktar at båten som dei tre sat i, har gått utfor ein høg foss. Politi og frivillige leiter langs elva.

Synnøve Malkenes, innsatsleiar vest politidistrikt

Innsatsleiar Synnøve Malkenes i Vest politidistrikt.

Foto: Linn Skare Oskarsen / NRK

Kulturstreiken er over etter 7 veker

LO Stat og Spekter vart i natt samde om å innføre livslange og kjønnsnøytrale pensjonsytingar i kultursektoren frå 1. april 2022.

Dermed er den sju veker lange streiken ved 15 teater og scener over. Nær 900 tilsette har vore i streik og ei lang rekke konsertar og teaterframsyningar har vore avlyste.

243 millioner til TV-aksjonen

Så langt har årets TV-aksjon innbrakt 243,3 millioner kroner. Dette er det høgste beløpet nokon gong. Det opplyser Plan seint søndag kveld. Pengene går i år til arbeid mot barneekteskap.

JUBEL: Kari Helene Partapuoli, Christian Strand, Vibecke Østby, Anne Rimmen og Robert Stoltenberg jublar for innsamlingstala i årets TV-aksjon.

Kari Helene Partapuoli, Christian Strand, Vibecke Østby, Anne Rimmen og Robert Stoltenberg jublar for innsamlingstala i årets TV-aksjon.

Foto: Astrid Hexeberg / Plan International Norge

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no