Kjøpte våpenet 6 dagar før massedrap
Mannen som er sikta for å ha drepe 10 menneske på ein supermarknad i Colorado i USA måndag, skal ha kjøpt den halvautomatiske pistolen han brukte, berre seks dagar før åtaket. I heimen hans skal politiet ha funne fleire skytevåpen.
Ahmad Al Aliwi Alissa (21) er sikta for 10 drap i Boulder i Colorado.
Foto: BOULDER POLICE / Reuters / nTBDet viser opplysningar som blei lagt fram på eit rettsmøte tysdag. 21-åringen blir framstilt i retten på torsdag, ifølgje CNN.
Dei ti offera var i alderen 20 til 65 år. Tre av dei arbeidde i butikken. Ein av dei drepne var ein politimann.
President Joe Biden og Demokratane vil ha strengare kontroll med sal av våpen.
1085 koronasmitta siste døgn
Tysdag blei det registrert 1085 nye koronatilfelle i Noreg. Det er 11 færre enn måndag.
164 pasientar er innlagde på sjukehus med covid-19-smitte, noko som er to færre enn dagen før. Talet på vaksinerte er no oppe i 507.000.
Hotella på Golsfjellet stengjer
Storefjell hotell, Oset høyfjellshotell og Golsfjellet fjellstue stenger dørene på grunn av dei nye smittevernreglane som stopper all skjenking og sosiale aktivitetar. Alle tilsette blir permitterte, opplyser hotelleigarane i ein e-post til NRK.
Også kyrkja stengjer i påska. Som ein konsekvens av regjeringa sine nye koronainnstrammingar blir alle gudstenester avlyste i påska, skriv Den norske kyrkja i eit nyhendebrev tysdag kveld, ifølgje Dagen.