Hopp til innhold

Dette skjedde natt til 24. juli

  • Ny statsminister i Australia
  • Fleire arresterte etter skyteepisode
  • Lynyrd Skynyrd-gitarist er død
Morgenpakke 24. august
Foto: MARK GRAHAM /Lise Åserud / / AFP/NTB scanpix/AP

Ny statsminister i Australia

Tidlegare denne veka overlevde Australia sin statsminister Malcolm Turnbull ei intern røysting om kven som skulle leie det liberale partiet – og dermed også vere statsminister.

Men uroa i australsk politikk var ikkje over. For tidlegare innanriksminister Peter Dutton, som tapte denne avrøystinga, hadde ikkje gitt opp håpet om å bli statsminister.

FILES-AUSTRALIA-POLITICS-MORRISON

NY STATSMINISTER: Scott Morrison.

Foto: MARK GRAHAM / AFP

I natt norsk tid tok imot Turnbull eit opprop med 43 signaturar der bodskapen var at den sitjande statsministeren måtte gå av.

Like etterpå var det klart for ei ny røysting om partileiarvervet og statsministerjobben.

40 røysta for Turnbull, 45 for å skifte han ut.

Deretter starta kampen om kven som skulle ta over. Her kom faktisk Peter Dutton til kort mot finansminister Scott Morrison. Også her var siffera 45–40.

– Dette er eit ekstraordinært resultat, gitt hendingane sist veke leia av Dutton og den konservative fløya, skriv avisa The Sydney Morning Herald.

Men Dutton har lova å vere lojal mot den nye statsministeren.

Malcolm Turnbull.

GÅR AV ETTER TRE ÅR: Malcolm Turnbull.

Foto: Dan Himbrechts / AFP

Fleire arresterte etter skyteepisode

Politiet har arrestert fleire personar etter skyteepisoden på Sagene i Oslo torsdag kveld. Det opplyste dei klokka 01.10 i natt.

Alle dei arresterte er menn i 20-åra, men politiet kan ikkje opplyse kor mange personar det er snakk om.

Skyting på Sagene

PÅGRIPEN: Politiet tek hand om den eine personen som vart arrestert like etter at fleire skot vart fyrte av på open gate.

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

– Vi driv med avhøyr og taktisk etterforsking for å få avklara rollene deira i det som er skjedd. Når alle avhøyr er gjennomførte skal vi ta ei ny vurdering av om nokon skal lauslatast eller ikkje, kommenterer fungerande kriminalvaktleiar Øyvind Myhr.

Det var klokka 18.37 politiet fekk inn meldingar om skot i Arendalsgata og Grimstadgata på Sagene. Først vart to personar arresterte, men fleire vart altså tekne etter kvart.

Det er ikkje meldt om personskadar i høve skyteepisoden.

Lynyrd Skynyrd-gitarist er død

Ed King, kjent som gitarist i den amerikanske bandet Lynyrd Skynyrd, er død. Han døydde i heimen sin i Nashville onsdag. Dødsårsaka skal vere kreft.

– Ed var vår bror og ein fantastisk låtskrivar og gitarist, seier Gary Rossington i bandet.

Obit Ed King

Ed King som gitarist i Lynyrd Skynyrd i 1975.

Foto: AP

King skreiv saman med to andre i bandet monsterhiten «Sweet Home Alabama».

Han vart medlem i bandet i 1972 og var med i tre år. I 1987 vende King tilbake og vart med bandet fram til 1996. Han var først og fremst gitarist, men var også ein periode bassist i sørstatsbandet.

Lynyrd Skynyrd vart i utgangspunktet nedlagt då tre av bandmedlemmane døydde under ei flyulykke i 1977. Ti år seinare gjorde dei comeback.

Bandet held det gåande den dag i dag, sjølv om Gary Rossington er einaste originalmedlem.

USA

HALL OF FAME: Lynyrd Skynyrd vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i 2006. Ed King med gått skjegg lengst til høgre.

Foto: BRENDAN MCDERMID / REUTERS

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no