Hopp til innhold

Dette skjedde natt til 24. juli

  • Minst 24 døde i skogbrannar i Hellas
  • 21 år gammal mann funnen død etter leiteaksjon

  • Mistenkt for drap i Toronto hadde mentale problem

Dette skjedde natt til 24. juli

Dette skjedde natt til 24. juli.

Foto: COSTAS BALTAS / MIKKEL AANDERAA / FRANK GUNN / Reuters / NRK / AP

Minst 24 døde i skogbrannar i Hellas

To store brannar er ute av kontroll på kvar si side av den greske hovudstaden Aten. Like før klokka 06.00 tysdag melder nyheitsbyrået AP at minst 24 personar er døde. Dessutan er over 100 personar skadde.

Eitt av dei yngste offera skal vere ein seks månader gammal baby, som døydde av røykskadar, melder mediehuset Reuters.

– Vi kjemper mot noko som er heilt ute av proporsjonar, sa statsminister Alexis Tsipras, som returnerte til Hellas måndag kveld etter eit besøk i Bosnia.

Skogbrann

Minst 24 personar er døde som følgje av skogbrannane i Hellas.

Foto: Costas Baltas / Reuters

21 år gammal mannen funnen død

Søndag vart ein 21 år gammal mann meldt sakna i Hjartdal i Telemark. Seint måndag kveld melde politiet at det var funne ein person – og i natt vart det stadfesta at denne personen var den sakna 21-åringen.

82 frivillige deltok måndag kveld i søket, i tillegg til hundepatruljar, politipatruljar og to helikopter.

21-åringen var sist sett i 15-tida måndag, då han la ut på ein treningstur i eit fjellområde han er godt kjend i.

Leiteaksjon i Hjartdal

Røde Kors, Norske Redningshunder, klatrarar og politiet bidrog til søket etter 21-åringen.

Foto: Mikkel Aanderaa / NRK

Drapsmann hadde mentale problem

Det er 29 år gamle Faisal Hussain som er mistenkt for å ha drepe to personar i Toronto i Canada søndag. Det var ei 10 år gammal jente og ei 18 år gammal kvinne som vart skotne.

I natt kom det fram at Hussain – ifølgje sin eigen familie – hadde store mentale helseproblem.

– Men vi såg ikkje for oss at dette kunne skje. Vi er heilt knuste etter å ha fått desse nyheitene. Våre tankar går til offera, seier familien til Hussain ifølgje nyheitsbyrået AP.

Faisal Hussain vart også sjølv drepen etter den tragiske skyteepisoden.

Politi i Toronto

14 menneske vart skotne i Canadas største by søndag kveld. Nokre vart skotne på restaurantar og kafear, medan andre oppheldt seg på gata.

Foto: Chris Helgren / Reuters

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no