Hopp til innhold

Dette skjedde natt til 22. november

•Sløkkingsarbeid etter dødsbrann i Steinkjer
•Søk etter sakna kvinne i Ørsta
•Asia-børsene hentar seg inn att

Dette skjedde i natt – 22. november 2018

Sløkkingsarbeid etter dødsbrann i Steinkjer
Brannvesenet har jobba med ettersløkking gjennom heile natta etter ein brann i Steinkjer sentrum der ein mann i 50-åra mista livet onsdag. Politiet opplyser at brannen oppsto i ein bygning i Kongens gate i Steinkjer sentrum.

Brann Kongens gate Steinkjer

Brann i Kongens gate i Steinkjer.

Foto: Johannes Børstad / NRK

Søk etter sakna kvinne i Ørsta
Eit helikopter og bakkemannskap leita natt til torsdag etter ei kvinne som vart meldt sakna då ho ikkje kom tilbake frå ein fjelltur i Ørsta. Kvinna, som er i 20-åra, drog ut på tur ved 13.30-tiden onsdag, og ingen har hatt kontakt med ho sidan.

Kvinna parkerte bilen ved stien opp til Saudehornet ved Ørsta i Møre og Romsdal.

Asia-børsene hentar seg inn att
Fleire av dei store børsane i Asia er på stigande kurs att etter nedgang dei siste dagane, som vart utløyst av to vonde døgn på Wall Street. Då Wall Street fekk oppgang onsdag, smitta dette også over på japanske børser torsdag.

Japansk børsmarknad
Foto: Eugene Hoshiko / AP

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no