Hopp til innhold

Dette skjedde natt til 22. januar

• Vil granske senatorar etter storming av Kongressen
• Politimeisteren i Troms stansar samanslåing
• General blir Bidens forsvarsminister

Senatorene Josh Hawley og Ted Cruz i Kongressen 6. januar 2021

Dei to republikanske senatorane Josh Hawley og Ted Cruz er i søkelyset for rolla dei spelte før og under storminga av Kongressen 6. januar.

Foto: Andrew Harnik / AP / NTB

Vil granske senatorar etter storming av Kongressen

Sju demokratar i Senatet krev ei etisk gransking av kva rolle dei to republikanske senatorane Ted Cruz og Josh Hawley hadde under storminga av nasjonalforsamlinga 6. januar då Joe Biden skulle godkjennast som ny president. Båe Cruz og Hawley har utmerka seg som sterke motstandarar av å godkjenne valet.

Cruz og Hawley er ifølgje CNN skulda for å ha lagt til rette for Trump-tilhengjarar som angreip.

Så langt er 125 arresterte i samband med opprøret. Politiet i hovudstaden Washington seier faren for nye angrep ikkje er over.

Politimeisteren i Troms stansar samanslåing

Politimeisteren i Troms ønskte å redusere talet på geografiske driftseiningar frå fem til to. No snur ho og stansar omorganiseringa.

Det kom fram i ei pressemelding ho sende ut seint torsdag kveld.

General blir Bidens forsvarsminister

Begge kammer i Kongressen i USA seier ja til at den pensjonerte generalen Lloyd Austin kan bli Joe Bidens forsvarsminister.

Reglane krev at det må gå sju år mellom aktiv teneste i det militære og ei politisk stilling. I Representanthuset stemte 326 for å gjere et unntak, og 78 imot. I Senatet stemte 69 for og 27 imot. Dersom Austin blir godkjend etter utspørringa i Senatet, blir han den første svarte i embetet.

Lloyd Austin under høring i Kongessen 19. januar 2021

Pensjonert general Lloyd Austin kan bli forsvarsminister i Joe Bidens regjering. Han er i så fall den første svarte i stillinga.

Foto: POOL / Reuters / NTB

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no