Hopp til innhold

Dette skjedde natt til 22. august

  • – Presidenten bør få kritiske spørsmål

  • Trump om Manafort: – Ei heksejakt

  • Bilbrannar i Uppsala
Dette skjedde i natt 22. august
Foto: REUTERS/Brendan McDermid

– Presidenten bør få kritiske spørsmål

At Michael Cohen har erklært seg skuldig i utbetaling av «hysj-pengar» bør føre til at USA-president Donald Trump får kritiske spørsmål.

Det meiner Michael Avenatti, advokaten til pornoskodespelar Stormy Daniels.

Tysdag kveld norsk tid inngjekk Cohen, som tidlegare har vore Trump sin advokat og altmoglegmann, ein avtale med dei føderale myndigheitene. Det inkluderte mellom anna at han erklærte seg skuldig i å ha betalt «hysj-pengar» i to omgangar til to kvinner.

USA-TRUMP/RUSSIA-COHEN

Michael Cohen var tidlegare Donald Trump sin advokat og altmoglegmann. Tysdag kveld norsk tid erklærte han seg skuldig i utbetalingar av «hysj-pengar».

Foto: BRENDAN MCDERMID / Reuters

Cohen sa i retten at han i 2016 betalte til saman 280.000 dollar for at to kvinner skulle halde tett om dei intime forholda deira til «kandidaten til eit føderalt embete», som altså då skal vere Donald Trump.

Dei to kvinnene er Playboy-modell Karen McDougal og pornoskodespelar Stormy Daniels.

Donald Trump har i natt nekta å snakke om innrømmingane til Michael Cohen.

Men no må presidenten på bana, meiner advokat Michael Avenatti.

– Den siste utviklinga i saka bør opne døra for å stille spørsmål om kva han visste, når han visste det, og kva han gjorde med det, seier Avenatti ifølgje NTB.

Advokaten vurderer forresten å stille som presidentkandidat for Demokratane i 2020.

Trump

Donald Trump var i natt norsk tid på eit valkamparrangement i West Virginia. Før arrangementet snakka Trump til pressa om sin tidlegare valkampsjef Paul Manafort, men han ville ikkje kommentere situasjonen rundt sin tidlegare advokat Michael Cohen – som har erklært seg skuldig i utbetalingar av «hysj-pengar».

Foto: Craig Hudson / AP

Trump om Manafort: – Ei heksejakt

I natt norsk tid uttala Donald Trump seg om sin tidlegare valkampsjef Paul Manafort, som er funne skuldig i åtte tilfelle av økonomisk kriminalitet.

Den amerikanske presidenten synest synd på den 69 år gamle republikanaren.

– Dette er ei heksejakt og ei skam. Det har ingenting å gjere med russisk samarbeid, sa Trump på ein pressekonferanse i West Virginia.

FILES-US-POLITICS-FRAUD-COURT

Paul Manafort er blitt utsett for ei heksejakt, meiner Donald Trump.

Foto: BRENDAN SMIALOWSKI / AFP

Dommane mot Manafort blir rekna som den første sigeren i rettssalen for spesialetterforskar Robert Mueller, som skal undersøke eventuell russisk innblanding i presidentvalet i 2016.

Mange spør seg no om Trump kan kome til å benåde Manafort.

– Paul Manafort er ein god mann. Han var med Ronald Reagan og har vore med forskjellige menneske gjennom åra. Eg føler meg veldig trist med omsyn til denne saka, sjølv om ho ikkje har noko med meg å gjere, sa Trump i natt norsk tid.

Bilbrannar i Uppsala

Seint tysdag kveld begynte seks bilar og ein lastebil å brenne på Kvarntorget i Uppsala. Brannane er no sløkte.

Politiet jobba i natt med å finne ut kven som står bak brannane, men så langt er ingen arresterte, melder SVT.

Sverige har hatt store problem med bilbrannar denne sommaren.

Natt til søndag var det Göteborg og andre byar i Vest-Sverige som vart ramma.

Laurdag var det i Åtvidaberg aust i landet måtte brannvesenet slite med tre bilbrannar på under ein time.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no