Hopp til innhold

Dette skjedde natt til 21. november

•SV: – KrF har berre fått smular
•Demokratane vil granske Ivanka Trumps e-postbruk
•Mann leverte tilbake stolen bil

Dette skjedde natt til 21. november
Foto: ØRN BORGEN / CAROLYN KASTER / NTB Scanpix / AP

SV: – KrF har berre fått smular
Det har komme mange reaksjonar etter at det tysdag kveld blei klart at regjeringa og KrF vart samde om ein budsjettavtale. SV meiner at KrF berre har fått smular, medan Ap meiner det finst døme på «blåkopiar» av deira politikk i budsjettet. I tillegg reagerer fleire miljøvernorganisasjonar på at klima og miljø ikkje blir meir prioritert i statsbudsjettet.

Enighet om skisse til løsning i budsjettforhandlingene

F.v. Henrik Asheim (H), Kjell Ingolf Ropstad (KrF), Abid Raja (V) og Helge Njåstad (Frp).

Foto: Ørn Borgen / NTB scanpix

Demokratane vil granske Ivanka Trumps e-postbruk
Demokratane vil granske Ivanka Trumps bruk av ein privat e-postkonto i regjeringssamanheng, melder Reuters. Det kan skje når partiet overtek fleirtalet i Representantanes hus i januar. Ivanka brukte ein privat konto før ho blei klar over regelverket.

Ivanka Trump

Ivanka Trump er dotter USAs president Donald Trump.

Foto: Carolyn Kaster / AP

Mann leverte tilbake stolen bil
Ein mann på Økern kontakta Oslo politidistrikt i natt og forklara at han hadde stole ein bil. Han angra på dette, og ville gjerne levere bilen tilbake. Ein politipatrulje møtte mannen, avhøyrde han og sørga for at bilen vart levert tilbake til rett eigar.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no