Hopp til innhold

Dette skjedde natt til 21. januar

• Biden gjorde om fleire Trump-vedtak
• Artistar hylla Biden og Harris
• Streik hos dyrlegar hindra

Joe og Jill Biden ser på fyrverkeriet som avsluttet innsettelsesfesten i Washington DC.

Fyrverkeri avslutta feiringa av presidentskiftet i USA. Her ser Joe og Jill Biden på frå altanen i Det kvite huset, saman med familien.

Foto: TOM BRENNER / Reuters / NTB

Biden med fleire viktige klimavedtak

Få timar etter at han var innsett som president, gjorde Joe Biden om på fleire av Donald Trumps mest kontroversielle klimaavgjerder.

Biden erklærte at USA igjen skal bli med i det internasjonale klimasamarbeidet i Parisavtalen. Han skreiv òg under ein presidentordre om å stanse bygginga av den omstridde oljerøyrleidningen Keystone XL frå Canada til Texas. Han trekte òg attende løyvet til leiting etter olje og gass i eit naturreservat i Alaska.

Blant dei andre avgjerdene som Biden signerte i natt, var oppheving av innreiseforbod frå seks muslimske land, og ei reform som gjer det lettare å bli statsborgar. Han stansar òg bygginga av muren langs den meksikanske grensa, noko som Mexico var raskt ute og skrøyt av.

Avril Haines

Avril Haines er ny sjef for alle etterretningstenester i USA.

Foto: Melina Mara / AP / NTB

Den første statsråden i Bidens regjering blei godkjend i Senatet i natt. Det var Avril Haines som er USAs nye etterretningssjef, og den første kvinna i embetet.

I tillegg vart fleire hundre andre medarbeidarar tatt i eid av presidenten i ein virtuell seremoni. I natt blei òg tradisjonen med daglege pressebrifingar tatt opp igjen.

Joe Biden i Zoom-møte med medarbeidere

I ein virtuell seremoni tok president Joe Biden i natt ei rekkje nye medarbeidarar i Det kvite hus og i regjeringsapparatet i eid.

Foto: CHIP SOMODEVILLA / AFP /NTB

Artistar hylla Biden og Harris

Ei rekkje amerikanske artistar deltok i feiringa av Joe Biden og Kamala Harris i natt. Bruce Springsteen opna showet med songen «Land of Hope and Dreams» framfor LIncoln-monumentet.

Andre artistar som deltok var Bon Jovi, John Legend, Foo Fighters, Yo-Yo Ma, Justin Timberlake og Katy Perry. Programleiar var Tom Hanks. Showet blei avslutta med eit spektakulært fyrverkeri.

Ikkje streik på dyreklinikkar

Etter mekling på overtid blei det i natt oppnådd semje i lønnsoppgjeret for dyrepleiarar og klinikkassistentar. Drygt 40 tilsette ved seks dyrlegeklinikkar i Oslo og Bergen slapp dermed å bli tatt ut i streik. NHO Mat og Drikke melde om semja klokka 01.30.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no