Hopp til innhold

Dette skjedde natt til 21. februar

• – Nye russiske forsøk på å få Trump attvalt
• 40 evakuert frå E69, Nordkapp isolert
• Éin død i brann i Kristiansund

Donald Trump

OPPRØRT: President Donald Trump er opprørt over at amerikansk etterretning gjentek at Russland vil hjelpe han å vinne presidentvalet til hausten.

Foto: Evan Vucci / AP/NTB Scanpix

Amerikansk etterretning åtvara Kongressen om nye russiske forsøk å påverke valet

Amerikansk e-teneste har åtvara politikarane i Kongressen om det dei meiner er nye russiske forsøk på å blande seg inn i valkampen og få president Donald Trump attvalt.

Trump er opprørt og avviser skuldingane.

På eit valmøte i natt i Colorado Springs valde Trump å gjere narr av Michael Bloomberg, og kalte han igjen «Mini-Mike». Han fokuserte på splittinga blant dei demokratiske kandidatane og latterliggjorde valdebatten deira.

40 evakuert frå E69, Nordkapp isolert

40 menneske, blant dei 17 turistar i ein utanlandsk buss, er evakuerte frå E69 i Nordkapp, melder Statens vegvesen.

Nesten alle vegar i Nordkapp er stengde på grunn av uvêr, ras eller fare for ras. Det er usikkert når E69 kan bli opna igjen.

Også andre stader i Finnmark er ei rekke fjellovergangar stengte.

Webkamera E69 Kamøyværkrysset i Nordkapp i Finnmark

ISOLERT: E69 er stengt ved Kamøyvær på grunn av dårleg vêr og rasfare.

Foto: Statens Vegvesen

Éin person omkom i brann i Kristiansund

Fleire bebuarar vart evakuerte etter at det starta å brenne i eit leilegheitshus i Kristiansund torsdag kveld. Ved eittida i natt stadfesta politiet i Møre og Romsdal at ein bebuar var død.

Det bur 10 personar i den delen av bygget som brann. Åstadundersøking og vidare etterforsking held fram fredag morgon.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no