Dette skjedde natt til 21. april

• Trump stansar innvandring
• Aukar oljelagera i USA
• Kim Jong-un alvorleg helsetilstand

Donald Trump
Foto: ALEX WONG / AFP/NTB Scanpix

Trump stansar innvandring til USA

Den amerikanske presidenten skriv på Twitter at han mellombels vil stanse innvandring til USA, på grunn av koronasituasjonen. Det vil han gjere for å beskytte arbeidsplassane til dei amerikanske borgarane, skriv han. Trump kallar viruset for den usynlege fienden.

Aukar oljelagera i USA

President Donald Trump seier at USA skal auke det nasjonale oljelageret med 75 millionar fat olje. Men først treng Trump at kongressen godkjenner finansieringa. Det er vanskeleg å selje olje no, sidan etterspurnaden har gått ned etter koronakrisa inntrefte. Måndag fall prisen på amerikansk olje kraftig, og oljeprodusentane måtte betale 37 dollar fatet for å bli kvitt oljen.

Det har aldri skjedd før at oljeprisen har vore negativ. Trump seier at han vil utnytte totalkollapsen i marknaden til å fylle opp oljelageret. Ved børsopninga i Asia tysdag steig oljeprisen igjen, og den er no ikkje lenger i minus.

Alvorleg helsetilstand for Kim Jong-un

Leiaren i Nord-Korea, Kim Jong-un, er i ein alvorleg helsetilstand etter ein hjarteoperasjon, ifølge CNN. Kim Jong-un skal ha gått glipp av bursdagen til bestefaren sin den 15. april, noko som gav mistankar om at han ikkje var frisk.

Styresmaktene i Sør-Korea seier ifølge Reuters at leiaren i nabolandet ikkje er veldig sjuk. Ingen av påstandane om helsa til Kim har så langt vorte stadfesta frå offisielt hald.

Kim Jong-un
Foto: AP/NTB Scanpix

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no