Hopp til innhold

Dette skjedde natt til 20. oktober

• Krisemøte i FN etter ny våpentest
• Vil straffe Steve Bannon
• OL-elden kom til Beijing

Visepresident Yu Zaiqing i den kinesiske OL-komiteen viser fram Ol-ilden som ble fraktet med fly fra Hellas.

Visepresident Yu Zaiqing i den kinesiske OL-komiteen viser fram OL-elden i behaldaren han vart frakta i frå Hellas.

Foto: ALKIS KONSTANTINIDIS / Reuters

Nord-Koreas missiltest opp i FN

Nord-Korea stadfestar at landet gjennomførte ei prøveskyting av det som blir omtalt som ein ny type ballistisk missil frå ein ubåt tysdag. Nyheita gjer at det blir halde eit krisemøte i FNs tryggingsråd onsdag, ifølgje AFP.

Ifølgje diplomatiske kjelder var det USA og Storbritannia som kalla inn til møtet i Tryggingsrådet. Det er venta at det blir eit lukka møte.

En TV-skjerm viser en nyhetssending i Sør-Korea om oppskytingen av ubåtvåpenet i Nord-Korea 19. oktober 2021

Nyheita om det nye nordkoreanske ubåt-våpenet vart vist på TV i Sør-Korea.

Foto: Lee Jin-man / AP

Komité vil straffe Steve Bannon

Komiteen som granskar kongresstorminga i USA i januar har vedteke at Steve Bannon bør tiltalast for å ha vist forakt for Kongressen ved å nekte å vitne og utlevere dokument. Bannon vart instruert av sin tidlegare sjef, Donald Trump, om ikkje å vitne for komiteen.

Kongresskomiteen som består av både republikanarar og demokratar, var samrøystes i vedtaket om at Bannon bør tiltalast.

OL-elden kom til Beijing

Den olympiske elden har kom tidleg onsdag morgon fram til Beijing. Elden vart motteken av visepresident Yu Zaiqing i den kinesiske OL-komiteen som viste fram lykta med OL-flammen som vart frakta med fly frå Hellas.

Onsdag blir det ein ny seremoni i det olympiske tårnet i Beijing, melder det kinesiske nyheitsbyrået Xinhua. Vinter-OL skal arrangerast i Beijing frå 4. til 20. februar 2022.

Banner for fakkelstafetten før vinter-OL i Beijing

Folk poserer framfor eit banner som ønsker OL-elden velkommen til Beijing. Fram til opninga i februar skal OL-elden ut på fakkelstafett i Kina.

Foto: TINGSHU WANG / Reuters

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no