Hopp til innhold

Dette skjedde natt til 20. oktober

** Lavare temperatur på den tredje og siste debatten før valet i USA
** Sjukeheim-mekling på overtid
** Politimann og mistenkt nedkøyrd i Trondheim

Dette skjedde i natt 201016
Foto: AFP / NTB/Scanpix

Debatt med meir politikk enn før

Den tredje debatten mellom dei to presidentkandidatane i USA, Donald Trump og Hillary Clinton, hadde lavare temperatur enn dei to tidlegare og var prega av meir diskusjon om politiske tema. Det skriv amerikanske medier i sin fyrste reaksjon etter debatten i Las Vegas. Donald Trump nekta blant anna å love å godta valresultatet dersom han tapar valet.

Privat sjukeheim-mekling på overtid

NHO Service skriv at partane er einige om å fortsetja meklinga på overtid. Det er Den norske sjukepleiarforbundet, Fagforbundet og NHO Service som meklar. Dersom dei ikkje blir einige kan 166 tilsette ved private sjukeheimar bli tatt ut i streik. Meklingsfristen gjekk ut ved midnatt.

Trykk her for å følga siste nytt i saka

Politimann og mistenkt nedkøyrd i Trondheim

Ein politimann er skada etter at han blei påkøyrd av ei drosje i Trondheim i natt. Ulukka skjedde då han skulle arrestera ein narkotikamistenkt mann som prøvde å rømma. Også den mistenkte blei skada. Ingen av dei har livstruande skadar. Dei blei køyrd til St. Olavs hospital i Trondheim.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no