Dette skjedde natt til 20. november

• Biden vann i Georgia
• Fire skadd i tysk knivåtak
• 100.000 døde i Mexico

Joe Biden

SIGRA: Etter omteljing i delstaten Georgia kan påtroppande president Joe Biden koste på seg eit bredt smil.

Foto: ANGELA WEISS / AFP/NTB

Omteljinga av stemmer i Georgia er ferdig – stadfestar siger til Joe Biden

Resultatet av handteljinga i delstaten Georgia stadfestar sigeren til Joe Biden, sjølv om sigersmarginen krympa med rundt 1700 stemmer.

Leiaren for valkommisjonen i Georgia, Gabriel Sterling, offentleggjorde resultatet seint torsdag kveld. Delstatsminister Brad Raffensperger seier at valet i Georgia ikkje har vore prega av juks slik presidenten har hevda.

Gabriel Sterling

Gabriel Sterling i valkommisjonen i delstaten Georgia, stadfestar at Joe Biden er vinnaren i Georgia etter omteljinga.

Foto: Jessica McGowan / AFP/NTB

Fire skadd i tysk knivåtak

Fire menneske vart skadde då ein mann gjekk til åtak med eit stikkvåpen i den vesttyske byen Oberhausen. Ein mistenkt er arrestert og innlagt på sjukehus med alvorlege skader. Politiet meiner det kan ligge ein familiekonflikt bak.

100.000 døde i Mexico

Talet på døde av covid-19-sjukdom har passert 100.000 i Mexico, stadfestar José Luis Alomía Zegarra, som er den øvste smittevernsjefen i landet. Mexico er med dette det fjerde landet som passerer den tragiske milepælen.

En plakat med teksten bruk munnbind korrekt på gata i Mexico by.

En plakat på gata i Mexico by minner folk på korrekt bruk av munnbind.

Foto: CLAUDIO CRUZ / AFP/NTB

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no