Hopp til innhold

Dette skjedde natt til 20. november

•Fire døde etter skyting på sjukehus i Chicago
•Mann i 20-årene knivrana i Bærum
•New York Rangers tok siger

Dette skjedde natt til 20. november 2018
Foto: NTB Scanpix

Fire døde etter skyting på sjukehus i Chicago
Ein mann skaut og drap ein politimann og to kvinnelege sjukehustilsette – ein lege og ein apotekassistent- i og utanfor sjukehuset Mercy Hospital i Chicago seint måndag kveld, norsk tid. to kvinneleg sjukehustilsette. Ei av kvinnene var i ein familierelasjon med gjerningsmannen.

Skyting på sjukehus i Chicago

Politibetjentar står ved ein av inngangane til Mercy Hospital i Chicago etter skytinga måndag kveld.

Foto: Joshua Lott / AFP
Laster Twitter-innhold

Mann i 20-årene knivrana i Bærum
Politiet søkte natt til tysdag etter to gutar etter at ein mann i 20-årene vart slått, trua med kniv og rana i Bærum seint måndag kveld. Hendinga skjedde bak ein 7-Eleven-kiosk og ein bensinstasjon i Brynsveien på Kolsås. Ransofferet vart sendt til undersøking og behandling på legevakt. Politiet skildrar ranet som stygt.

New York Rangers tok siger
New York Rangers tok sin sjette strake heimesiger då dei møtte Dallas Stars i NHL måndag. Mats Zuccarello såg laget sitt vinne 2–1 frå tribunen. Nordmannen, som har tre mål og sju assist så langt denne NHL-sesongen, har slite med ein lyskeskade. På grunn av skaden er det derfor høgst usikkert om han rekk New York-derbyet mellom Rangers og Islanders onsdag.

Neal Pionk, Tyler Seguin

New York Rangers' Neal Pionk til venstre og Dallas Stars' Tyler Seguin slost om pucken.

Foto: Seth Wenig / AP

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no