Hopp til innhold

Dette skjedde natt til 20. mai

• Nye videoar viser drap i Butsja
• 18-åring i retten for masseskyting
• Boeing-kapsel på veg til ISS

Stillbilde hentet fra video fra overvåkningskamera i Butsja i Ukraina som viser russiske soldater som fører en gruppe sivile menn til et sted de senere ble funnet drept.

Stillbilde henta frå video frå overvakingskamera som viser russiske soldatar som fører ei gruppe sivile menn til ein stad der dei seinare vart funne drepne i Butsja.

Nye videoar dokumenterer drap i Butsja

Nye overvakingsvideoar som avisa New York Times har fått tak i, viser at russiske soldatar bortfører minst åtte menn som seinare vart funne drepne i Kyiv-forstaden Butsja. Augevitne fortel korleis russiske fallskjermstyrkar avretta mennene 4. mars.

Dronevideoar frå dagen etter som avisa og har fått tak i, skal stadfeste det vitna fortel. Videoane viser at lika ligg i gata samtidig som russiske militærkøyretøy står like ved. På fleire av videoane er ansikta på dei russiske soldatane tydelege.

Russland har hevda at videoar som tidlegare er publiserte frå Butsja er falske.

18-åring i retten for masseskyting

Payton Gendron som er sikta for masseskytinga i Buffalo i delstaten New York, møtte i retten i natt norsk tid.

Den kvite 18-åringen er sikta for terror og drap på 10 svarte menneske på eit kjøpesenter. Gjerningsmannen la på førehand ut ein video på nettet der han ytra støtte til kvit makt-ideologi.

Payton S. Gendron i retten i Buffalo i New York, på 19. mai 2022.

18-årige Payton Gendron vart framstilt i retten i Buffalo i natt norsk tid. Politiet meiner drapa var rasistisk motiverte.

Foto: BRENDAN MCDERMID / Reuters

Boeing-kapsel på veg til ISS

Boeings Starliner-kapsel vart i natt skoten opp frå Florida og er på veg mot Den internasjonale romstasjonen (ISS). To tidlegare forsøk har gått i vasken. Om alt går etter planen, skal kapselen nå fram til ISS natt til laurdag.

Starliner-kapselen er delvis gjenbruksbar, og kan frakte opptil fire personar. Nasa kallar oppskytinga ein milepæl. Dersom den ubemanna testflyginga vert vellukka, vil USA ha to uavhengige system for å fly oppdrag til og frå romstasjonen.

Boeing Staliner skutt opp 19. mai 2022

Boeings Starliner vart i natt skoten opp frå Kennedy Space Center på Cape Canaveral i Florida ved hjelp av ein Atlas V-rakett.

Foto: John Raoux / AP

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no