Hopp til innhold

Dette skjedde natt til 20. januar

• CNN: Trump benådar Bannon
• Biden mintest 400.000 korona-døde
• 422 nye koronatilfelle i Noreg

Kamala Harris og Joe Biden mintes 400.000 døde ved Limncoln-monumentet i Washington tirsdag

Joe Biden (t.h.) og Kamala Harris med ektefellar mintest 400.000 døde på National Mall i Washington tysdag kveld.

Foto: Evan Vucci / AP / NTB

CNN: Trump benådar Bannon

Ifølgje TV-kanalen CNN vil president Donald Trump benåde sin tidlegare sjefstrateg Steve Bannon. Dette er ikkje stadfesta frå Det kvite huset.

Bannon er sikta for å ha svindla til seg millionar frå givarar i pengeinnsamlinga «We build the Wall».

Lista over benådingane er venta å vere det siste Trump gjer før han forlèt Det kvite huset klokka 8 onsdag morgon lokal tid.

Steve Bannon
Foto: Moritz Hager / Reuters

Biden og Harris mintest 400.000 korona-døde

Tysdag kveld mintest påtroppande president Joe Biden og visepresident Kamala Harris dei over 400.000 amerikanarane som har døydd av covid-19 i USA.

Etter minnemarkeringa på National Mall drog Biden-paret for å overnatte i Blair House, gjestebustaden til Det kvite huset, slik tradisjonen tilseier, før innsettinga onsdag.

422 nye koronatilfelle i Noreg

Det siste døgnet er det registrert 422 nye koronatilfelle i Noreg. Det er 39 fleire enn måndag, men 290 færre enn same dag førre veke. Dei siste sju dagane er det registrert 2841 nye smittetilfelle. Trenden er nedgåande.

132 koronapasientar var tysdag innlagde på sjukehus. Det er 21 færre enn dagen før. Til saman er 525 koronasmitta døde sidan mars. I alt er det registrert 59.456 koronatilfelle her i landet.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no