Hopp til innhold

Dette skjedde natt til 2. november

•Ca 5000 liter olje ut i Oslo-elv
•Saudisk-leia luftåtak mot Jemen
•Elektrisk stol brukt igjen i USA

2. november

Ca 5000 liter olje ut i Oslo-elv
Brannvesenet anslår at rundt 5000 liter olje har leke ut i Alnaelva i Oslo. Dei trur utlagde lenser klarte å stoppe oljen i å kome ut i fjorden. Ein 15.000 liters tank på industriområdet Alfaset er involvert og 10.000 liter olje er soge opp frå tanken.

Laster Twitter-innhold

Saudi-leia koalisjon med nye luftåtak mot Jemen
Koalisjonen leia av Saudi-Arabia har utført ein serie luftangrep mot basen al-Dulaimi nær den internasjonale flyplassen i Jemens hovudstad, ifølgje statlege medium. Basen ha blitt brukt av Houthi-bevegelsen til oppbevaring og utskyting av ballistiske missil. Det kom rundt 20 angrep frå lufta fredag morgon. Åtaka kjem etter at USA tysdag bad om våpenkvile og fredsforhandlingar om Jemen.

Elektrisk stol brukt igjen i USA Ein mann dømt til døden for to drap i 1984 i USA blei torsdag avretta med elektrisk stol i Tennessee etter at høgsterett i USA avviste ein førespurnad om utsetting same kveld. Edmund Zagorski (63) er den første som er avretta med elektrisk stol i USA sidan 2013.

Zagorski vart avretta i ein elektrisk stol

Edmund Zagorski (63) ønska sjølv å avretta med elektrisk stol, framfor giftsprøyte, i Tennessee, USA.

Foto: Jose Romero / AFP

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no