Dette skjedde natt til 2. desember

• 3780 nye koronatilfelle
• Pensjon frå første krone i 2021
• Canada forbyr homoterapi

Hadia Tajik i Stortinget

LOVAR PENSJON: Arbeidsminister Hadia Tajik seier ein million nordmenn blir omfatta av omlegginga av tenestepensjonsordninga.

Foto: Terje Bendiksby / NTB

3780 nye koronasmitta

Det siste døgnet er det registrert 3780 nye koronasmitta personar i Noreg. Det er 795 færre enn førre onsdag, men smittetrenden på vekebasis er framleis sterkt stigande. 257 koronapasientar er innlagde på sjukehus, 11 fleire enn tysdag.

Pensjon frå første krone i 2021

Arbeidsminister Hadia Tajik (Ap) seier til VG at regjeringa vil innføre pensjon frå første krone frå 1. januar 2022. Det er ordninga med obligatorisk tenestepensjon (OTP) som no vert endra. I dag må du tene minst 1G, det vil seie 106.399 kroner, for å få pensjon på løna. Neste år får 160.000 unge mellom 18 og 20 år og folk i stillingar under 20 prosent for første gong tenestepensjon. Tajik seier omlegginga vil gjelde for ein million nordmenn.

Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO) meiner regjeringa går for fort fram.

Canada forbyr homoterapi

Underhuset i Canadas nasjonalforsamling vedtok i natt samrøystes å forby konverteringsterapi av homofile, såkalla homoterapi, melder CBC. Fleire parlamentsmedlemmer som tilhøyrer seksuelle minoritetar tok ordet i ei kjensleladd debatt. Saka skal vidare til haste-avstemming i Senatet før forbodet blir lovfesta.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no