Noregs ambassadør innkalla i Ankara
Tyrkia ber ambassadørar frå Noreg og ni andre land forklare seg etter at dei kravde at den fengsla regimekritikaren Osman Kavala blir lauslaten. Han har sete fengsla sidan 2017. I tillegg til Noreg står USA, Canada, Frankrike, Finland, Danmark, Tyskland, Nederland, New Zealand og Sverige bak kravte om lauslating.
Plakat med bilde av den fengsla tyrkiske regimekritikaren Osman Kavala som har sete i arrest sidan 2017.
Foto: OZAN KOSE / AFPSnøen la seg på fleire fjellovergangar
Webkamera til Statens vegvesen viser at snøen har lagt seg på fleire fjellovergangar i Sør-Noreg. Det gjeld mellom anna på E134 Haukelifjell, E16 Filefjell, Rv7 Hardangervidda, Rv52 Hemsedal og E6 Dovrefjell.
Vêrmeldinga lyder på 15 centimeter snø og vind, og bilistar utan vinterdekk kjem ikkje med i eventuell kolonnekøyring, åtvarar Vegvesenet. I lågareliggande strok på Austlandet kan det og komme snø, åtvarar Meteorologisk institutt.
På E134 over Haukelifjell falt snøen i natt.
Foto: Statens Vegvesen545 nye smittetilfelle
Det siste døgnet er det registrert 545 nye koronasmitta i Noreg Det er 67 fleire enn sist måndag. Dei siste sju dagane er det i snitt registrert 408 smittetilfelle per dag. Tilsvarande snitt for sju dagar sidan låg på 431, så veketrenden er fallande.
Måndag var 99 koronapasientar innlagde på sjukehus. Det er fire fleire enn søndag. 29 av pasientane ligg på intensivavdeling, og blant dei er 15 kopla til respirator.
Sidan mars i fjor er 884 koronasmitta personar døde her i landet. 22 av dei var under 50 år.