Hopp til innhold

Dette skjedde natt til 19. januar

• Biden legg fram innvandringsreform
• Brukte tåregass mot migrantar
• 383 nye koronatilfelle i Noreg

Migranter fra Honduras møter soldater og politi fra Guatemala i Vado Honda 18. januar

Migrantmarsjen som starta i Honduras var vakse til eit par tusen menneske. Dei har no nådd Guatemala der dei blei møtt med vegsperring og tåregass.

Foto: Sandra Sebastian / AP / NTB

USAs påtroppande president Joe Biden vil onsdag lansere ei ny stor innvandringsreform på sin første dag i embetet.

Planen skal gi 11 millionar illegale immigrantar høve til å få statsborgarskap om åtte år, melder AP. Planen er eit klart brot med innstrammingane dei siste fire åra.

Biden og hans nominerte finansminister Janet Yellen har og varsla at dei vil doble koronakrisepakka på 900 milliardar dollar som blei vedtatt i Kongressen i romjula.

Avtroppande president Donald Trump har varsla at han ikkje vil vere til stades eller ønske Biden velkomen til Det kvite huset på onsdag. Han skal i staden ha spelt inn ein avskjedsvideo til det amerikanske folket der han skryt av det har gjort dei siste fire åra.

Brukte tåregass mot migrantar

Politi og soldatar i Guatemala har brukt tåregass for å tvinge fleire hundre migrantar bort frå ei vegsperring der dei har opphalde seg i to døgn.

Rundt 2000 migrantar frå Honduras har dei siste dagane vore på veg nordover mot grensa til Mexico. Dei håper på å få betre levekår lenger nord og håper at Joe Bidens innvandringspolitikk vil gi dei sjansen til å kome inn i USA.

Migranter fra Honduras i Guatemala, sammenstøt med politi ved veisperring

Politi og soldatar brukte tåregass for å drive migrantane vekk frå ei vegsperring i Guatemala.

Foto: Sandra Sebastian / AP / NTB

383 nye koronasmitta siste døgn

Det siste døgnet er det registrert 383 nye koronatilfelle i Noreg. Det er 177 fleire enn dagen før, men 46 færre enn same dag i førre veke

I alt var det ved midnatt registrert 59.034 koronatilfelle her i landet. De siste sju dagane er det registrert til saman 3131 nye tilfelle.

153 koronapasientar var måndag innlagde på sjukehus. Det er fem færre enn dagen før. Til saman er 521 koronasmitta personar døde i Noreg sidan mars. 64,9 prosent av alle døde har fylt 80 år. I aldersgruppa under 50 år er det meldt om ni dødsfall i Noreg.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no