Hopp til innhold

Dette skjedde natt til 19. april

• 12 toppklubbar startar ny superliga
• 366 nye koronamsitta i Noreg
• Samanstøytar i Jerusalem

Marcus Rashford

Manchester United og Tottenham Hotspurs er blant dei europeiske laga som har stilt seg bak den nye superligaen.

Foto: Clive Rose / Reuters

12 toppklubbar startar ny superliga

Tolv av dei største fotballklubbane i Europa trassar den europeiske fotballorganisasjonen Uefa og dannar ein ny utbrytarliga som dei kallar Superligaen. Uefa truar med å stengje ute klubbane frå internasjonale turneringar og nasjonale ligaer.

Blant klubbane er seks britiske, tre italienske og tre spanske fotballklubbar. Tyske og franske storklubbar har takka nei til å delta i den nye superligaen.

366 nye koronatilfelle i Noreg

Det siste døgnet er det registrert 366 nye koronatilfelle her i landet. Det er 189 færre enn snittet dei siste sju dagane.

Dei siste sju dagane er det registrert til saman 3889 nye smittetilfelle i Noreg, og trenden er søkkande.

I Oslo vart det registrert 88 nye tilfelle søndag.

Samanstøytar i Jerusalem

Israelsk politi tok i bruk sjokkgranatar og vasskanonar for å spreie palestinarar som samla seg i gamlebyen i Jerusalem til ramadan, ifølgje israelske medium. Slike samanstøytar har funnet stad kvar kveld sidan ramadan starta i førre veke.

Palestinarar seier at dei i fleire år har pleid å kome saman på trappene ved Damaskusporten kvar kveld etter fasta, men i år sette israelsk politi opp sperringar for å halde dei borte.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no