Hopp til innhold

Dette skjedde natt til 18. september

Game of Thrones tok tilbake Emmy-trona
•USA trapper opp handelskrigen mot Kina
•Sør-Koreas president Moon besøker Nord-Korea

Dette skjedde natt til 18. september
Foto: AFP / AP / Reuters

Game of Thrones kåra til beste dramaserie
TV-serien Game of Thrones blei beste dramaserie under årets Emmy-utdeling i Los Angeles i USA. «The Marvelous Mrs. Maisel» frå Amazon Prime gjorde likevel storeslem i komikategorien og vann heile fem prisar. Eit frieri vart det også tid til.

70th Emmy Awards

Skodespelarane i «Game of Thrones»​​​​​​​ på scena for å ta imot prisen for beste dramaserie under Emmy-prisen 2018.

Foto: Robyn Beck / AFP

USA trappar opp handelskrigen mot Kina
USAs president Donald Trump innfører frå og med neste veke 10 prosents toll på kinesiske varer til ei verdi av 200 milliardar dollar. Han truar med å kome med enno fleire tollsatsar dersom Kina kjem med mottiltak.

Donald Trump

USAs president Donald Trump aukar presset på Kina.

Foto: Alex Brandon / AP

President Moon besøker Nord-Korea
Sør-Koreas president Moon Jae-in blei teke imot av Nord-Koreas leiar Kim Jong Un i Pyongyang i høve deira tredje toppmøte. Tidlegare har dei møtt kvarandre på grensa mellom dei to landa. Moon håpar å løyse den fastlåste atomvåpen-saka mellom USA og Nord-Korea, og å fremje varig fred på Koreahalvøya.

North Korean leader Kim Jong Un and his wife Ri Sol Ju along with South Korean President Moon Jae-in and First Lady Kim Jung-sook review honour guards at Pyongyang Sunan International Airport,

F.h. Nord-Koreas leiar Kim Jong Un og kona Ri Sol Ju tok imot Sør-Koreas president Moon Jae-in og kona hans i Pyongyang natt til tysdag.

Foto: Reuters Tv / Reuters

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no