Hopp til innhold

Dette skjedde natt til 18. mai

• Tysk «togbru» frå Ukraina
• Ber soldatane på Azovstal overgje seg
• MC-førar omkom ved Voss

 Volker Wissing, Pete Buttigieg og Richard Lutz på hovedjernbanestasjonen i Berlin 17. mai etter at "togbroen" til Ukraina er en realitet.

Tysklands transportminister Volker Wissing, USAs samferdselsminister Pete Buttigieg og DB Cargo-sjef Richard Lutz fortalde om «togbrua» frå Ukraina på hovudjernbanestasjonen i Berlin.

Foto: HANNIBAL HANSCHKE / Reuters

Tyske tog skal frakte korn frå Ukraina

Det tyske togselskapet Deutsche Bahn skal hjelpe Ukraina med korneksporten som har stansa opp etter krigsutbrotet. Det opplyser transportminister Volker Wissing til Der Spiegel. Tyske tog skal frakte 20 millionar tonn kveitekorn og andre landbruksprodukt via Polen til hamnar ved Nordsjøen og Adriaterhavet.

Krigen har ført til at den normale eksporten av matkorn over Svartehavet har stoppa heilt opp. Dette trua leveransane til spesielt Nord-Afrika og Asia, der det er frykt for matmangel.

Den amerikanske transportministeren Pete Buttigieg har vore med på planlegginga av den såkalla «togbrua» frå Ukraina. Namnet «togbru» er ein parallell til den såkalla luftbrua til Berlin som vestmaktene sette i verk under Berlinblokkaden i 1948-49.

Protester i Nairobi i kenya mot stigende matpriser 17. mai 2022

I Nairobi i Kenya var det tysdag demonstrasjonar mot stigande matpriser.

Foto: TONY KARUMBA / AFP

Ber soldatane på Azovstal overgje seg

President Volodymyr Zelenskyj seier at de attverande ukrainske soldatane på det omringa stålverket i Mariupol har fått ordre om å avslutte kampane og overgje seg. Han seier målet er å spare liv.

I videotalen sin seint tysdag kveld sa Zelenskyj at evakueringa vert planlagd i samarbeid med internasjonale meklarar.

Det er usikkert kor mange ukrainske soldatar som framleis har tilhald i bunkerane under stålverket. Måndag vart rundt 260 ukrainske soldatar evakuerte og frakta til russiskkontrollert territorium. Planen er at dei skal bli bytta med krigsfangar som Ukraina har tatt.

Samstundes melder ukrainske styresmater at den russiske hæren har internert over 3000 sivile frå Mariupol i ein tidligere straffekoloni nær Olenivka i Donetsk-regionen. Sju bussar med ukrainske soldatar frå stålverket i Mariupol kom tysdag til leiren.

MC-fører omkom ved Voss

Ein motorsykkelførar i 60-åra omkom seint tysdag kveld då han køyrde inn i ein bom ved Tunsbergtunnelen på Riksveg 13 mellom Voss og Hardangerbrua.

I Fredrikstad vart ein mann funnen alvorleg skadd ved sidan av ein elsparkesykkel på ein gangveg i Sellebakk. Han vart funnen av ein forbipasserande som varsla politiet. Den skadde vart flogen med luftambulanse til Ullevål sjukehus.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no