Hopp til innhold

Dette skjedde natt til 18. juni

• Ein omkom i helikopterstyrt
• Opna Pride-fest i styrtregn
• Ny høgtidsdag i USA

Ambulanser ved helikopterstyrt ved Porsgrunn
Foto: Theo Aasland Valen

Ein omkom i helikopterstyrt

Eit helikopter med éin person om bord styrta seint torsdag kveld på Lannerheia mellom Porsgrunn og Larvik etter å ha treft ein høgspentleidning.

Det var kraftig regnvêr då helikopteret styrta. Politiet stadfesta ved halv eittida i natt at piloten var omkommen.

Opna Pride-fest i styrtregn

Statsminister Erna Solberg og Oslo-ordførar Marianne Borgen opna ved midnatt årets Pride-festival. Opninga vart markert ved at Holmenkollbakken vart lyst opp i regnbogens fargar. Årets festival varer fram til 27. juni med både fysiske og digitale arrangement. Høgdepunktet er Pride-paraden i Oslo laurdag 26. juni.

Marianne Borgen og Erna Solberg åpner pride 2021 i Holmenkollen

Holmenkollen skal lyse i fargane til regnbogen gjennom heile Pride-veka.

Foto: Berit Roald / NTB

19. juni ny høgtidsdag i USA

USA fekk i natt ein ny nasjonal høgtidsdag, 19. juni, til minne omslutten på slaveriet. Etter at både Senatet og Representanthuset sa ja, sette president Joe Biden namnet sitt på lova i natt.

Dette vert sett på som ei viktig markering etter eit år med omfattande protestar mot politivald og rasisme i USA.

Joe Biden undertegnet loven om å gjøre 19. juni til ny amerikansk høytidsdag

Omringet av kongresspolitikarar sette Biden sin signatur på lova i natt. Visepresident Kamala Harris minte om at også Det kvite hus vart bygget av slavar.

Foto: Evan Vucci / AP / NTB

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no