Hopp til innhold

Dette skjedde natt til 18. februar

• To omkomne i helikopterulukke
• Tyskland: – Vanskeleg å hente heim IS-krigarar
• Australia hacka før valet

Morgenpakke 18. februar
Foto: SAEED KHAN / ERIC BARADAT / AFP

To omkomne i helikopterulukke
Dei to personane i 40-åra som var om bord i helikopteret som er funne i Røldalsfjellet, er funne omkomne, opplyser Vest politidistrikt til NRK. Helikopteret blei meld sakna søndag kveld. Eit redningshelikopter og bakkemannskap leita fram til dei blei funne klokka 4.20.

Politi på utsiden av Røldal skisenter

Politi på utsida av Røldal skisenter.

Foto: Theo Aasland Valen

Tyskland: Vanskeleg å hente heim IS-krigarar
Tysklands utanriksminister Heiko Maas seier det blir ekstremt vanskeleg å hente heim IS-krigarar som er fanga i Syria, slik USA vil. Grundig etterforsking krevst for å kunne stille fangane snarast råd for retten, noko som er vanskeleg å få til, seier han.

Tysklands utanriksminister Heiko Maas

Tysklands utanriksminister Heiko Maas.

Foto: Eric Baradat / AFP

Australia hacka før valet
Statsminister Scott Morrison seier måndag at ein «sofistikert, statleg aktør» har hacka landets største politiske parti og parlament, kort tid før valet. Det skal gjelde partia Liberal, Labor og Nationals. Ingen land blir nemnd, men media nemner ofte Kina.

Statsminister Scott Morrison

Statsministeren Scott Morrison.

Foto: Saeed Khan / AFP

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no