Dette skjedde natt til 17. juni

• Vellykka oppskyting i Kina
• Fem medietoppar arresterte i Hongkong
• Ikkje streik på flyteriggar

Raketten «Den lange marsjen 2F» tok av klokka 9.22 lokal tid, 3.22 norsk tid, frå romsenteret i Jiuquan nordvest i Gobi-ørkenen i Kina.

Raketten «Den lange marsjen 2F» tok av klokka 9.22 lokal tid, 3.22 norsk tid, frå romsenteret i Jiuquan nordvest i Gobi-ørkenen i Kina.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Astronautar på veg til Kinas nye romstasjon

Tre kinesiske astronautar tok i natt fatt på turen til den nye kinesiske romstasjonen Tiangong. Det er Kinas første bemanna romferd på nesten fem år, og er eit prestisjeprosjekt for regjeringa i Beijing.

Mannskapet skal vere tre månader på romstasjonen der dei mellom anna skal montere solcellemodular og laboratorieutstyr. .

I løpet av det neste halvtanna året er det planlagt elleve romferder for å fullføre konstruksjonen av romstasjonen. Kinas ønske om ein eigen utpost i verdsrommet er styrkt etter at USA ikkje lenger vil sleppe kinesarar inn på den internasjonale romstasjonen ISS, som huser astronautar frå USA, Russland, Canada, Europa og Japan.

Kinesiske astronauter på vei til Kinas nye romstasjon 17. juni 2021

Kaptein på turen er den tidlegare luftforsvarspiloten Nie Haisheng som allereie har to romferder bak seg. Med seg har han Liu Boming og Tang Hongbo.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Fem medietoppar arresterte i Hongkong

Politiet i Hongkong tok seg torsdag morgon inn i lokala til den prodemokratiske avisa Apple Daily, og arresterte fem leiarar, blant dei sjefredaktør Ryan Law. Dei er sikta etter den nye tryggingslova og blir skulda for å konspirere med «eit framandt land eller andre eksterne element for å setje den nasjonale tryggleiken i fare».

Arrestasjonane er den siste i ei rekkje inngrep mot den populære tabloidavisa som har støtta opp om demokratirørsla i Hongkong.

Sjefredaktø Ryan Law pågripes i Hongkong torsdag 17. juni 2021

Sjefredaktør Ryan Law i Hongkong-avisa Apple Daily vart arrestert i natt norsk tid.

Foto: AP / NTB

Ikkje streik på flytande oljeplattformer

For tilsette på flytande plattformer vart det i natt oppnådd semje i lønsforhandlingane etter mekling på overtid. Dermed var faren for streik på norsk sokkel avblåst.

Ifølgje SAFE og Industri Energi som organiserer fleire tusen riggtilsette, er partane einige om eit generelt tillegg på 24.500 kroner. Det svarar til om lag 2,7 prosent i gjennomsnitt.

I natt gjekk 15 tilsette i Global Connect ut i streik etter resultatlaus mekling. Dei er organiserte i EL- og IT-forbundet og Norsk Jernbaneforbund. Meklaren konstaterte at partane stod så langt frå kvarandre at det ikkje var grunnlag for å legge fram eit forslag til løysing. Dei som går ut i streik arbeider blant anna med levering av internettlinjer.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no