Hopp til innhold

Dette skjedde natt til 16. juni

• Nye luftangrep mot Gaza og Israel
• Organdonasjon under tvang i Kina
• Weinstein tiltalt i nye saker

Eksplosjoner i Gaza by

Eksplosjonar lyste opp nattehimmelen ovre Gaza by i natt etter nye israelske luftangrep.

Foto: MAHMUD HAMS / AFP / NTB

Nye luftangrep mot Gaza og Israel

Israel har i natt retta nye luftangrep mot Gaza, etter at det vart sendt brannballongar frå palestinsk side inn i Sør-Israel. Talsmann Avichay Adraee stadfestar på Twitter at det israelske forsvaret har gjennomført angrep retta mot Hamas-mål på Gazastripa.

Angrepa i natt er den første store oppblussinga av konflikten sidan ei våpenkvile 21. mai gjorde slutt på elleve dagar med kampar der 260 palestinarar og 13 israelarar vart drepne.

Sinna vart sette i kok på ny tysdag då tusenvis av jødiske høgrenasjonalistar marsjerte gjennom Jerusalems okkuperte gamleby. 17 palestinarar vart arresterte etter samanstøytar med politiet.

FN-ekspertar: Organdonasjon under tvang i Kina

Tolv menneskerettsekspertar frå FN som har granska vitnemål seier dei har «truverdig informasjon» om at internerte frå minoritetsgrupper i Kina kan bli utsette for tvungne organdonasjonar. Dei meiner kinesiske minoritetar blir ufrivillig kartlagde for organdonasjon.

Beijing avviser skuldinga på det sterkaste.

Weinstein blir utlevert til California

Den skandaliserte Hollywood-regissøren Harvey Weinstein kan bli utlevert til California, der han kan bli stilt for retten for seksuelt misbruk av fem kvinner, skriv Los Angeles Times. Blir han dømt, kan han få fengselsstraff på til saman 140 år.

69 år gamle Weinstein vart dømd til 23 års fengsel i fjor for fleire valdtekter og seksuelle overgrep. Nær 90 kvinner har skulda Weinstein for overgrep.

Rettstegning av Harvey Weinstein fra en rettslig høring i New York 15. juni 2021

Rettsteikning av Harvey Weinstein frå ei rettsleg høyring i New York 15. juni. Weinstein deltok frå fengsla han sit i Buffalo.

Foto: JANE ROSENBERG / Reuters / NTB

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no