Hopp til innhold

Dette skjedde natt til 16. juli

• USA stengjer grensa for Huawei
• Kjendisar hacka i bitcoin-svindel
• SDSM vann i Nord-Makedonia

USA stengjer grensa for Huawei-tilsette

USA innfører innreiserestriksjonar for tilsette i den kinesiske telegiganten Huawei og andre som dei meiner støtter brot på menneskerettane. Det opplyste utanriksminister Mike Pompeo i natt. Kina vert skulda for å undertrykkje uigurar og andre muslimske folkegrupper i Xinjiang-provinsen.

New York Times skriv at Trump-regjeringa òg vurderer å innføre visumnekt for medlemmer av det kinesiske kommunistpartiet.

Millionærar og politikarar hacka på Twitter

Twitter-kontoane til ei rekkje mega-kjendisar som Barack Obama, Bill Gates, Elon Musk, Joe Biden, Jeff Bezos og Kanye West er misbrukt i ein storstilt bitcoin-svindel.

Twitter mistenker at hackinga i natt var «eit koordinert angrep». – Vi har avdekka det vi meiner er eit manipulerande angrep mot nokre av våre tilsette med tilgang til interne system, skriv selskapet.

Sosialdemokratane vann i Nord-Makedonia

Tidlegare statsminister Zoran Zaev og det sosialdemokratiske partiet SDSM har vunne valet på ny nasjonalforsamling i Nord-Makedonia.

Ifølgje valkommisjonen ligg SDSM an til å få 36 prosent, medan høgrepartiet VMRO-DPMNE får 34 prosent.

– Veljarane stemte for eining og solidaritet, for økonomisk patriotisme, for lov og orden og for ein betre notid og framtid, sa han då sigeren var klar.

Zoran Zaev erklærer valgseier i Nord-Makedonia

Tidlegare statsminister Zoran Zaev frå det sosialdemokratiske partiet SDSM erklærer siger i valet til nasjonalforsamling i Nord-Makedonia.

Foto: ROBERT ATANASOVSKI / AFP / NTB Scanpix

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no