USA strammar inn reglane etter overvaking under Trump
USAs justisminister Merrick Garland varslar strengare reglar for overvaking. Han har bede om etterforsking av om justisdepartementet dreiv ulovleg overvaking av demokratar og journalistar medan Donald Trump var president.
195 nye koronasmitta siste døgn
Det siste døgnet er det registrert 195 koronasmitta i Noreg. Det er 54 færre enn førre måndag. Den siste veka er det i snitt registrert 173 koronasmitta per dag. Tilsvarande snitt for ei veke sidan, låg på 278, så trenden er søkkande.
Måndag var 47 koronasmitta pasientar innlagde på sjukehus. Det er like mange pasientar som fredag. Ti av pasientane får respiratorbehandling, og 14 ligg på intensivavdeling.
Stansar hundeimport frå 113 land
USA smittevernetat CDC stansar import av hundar frå 113 land på grunn av frykt for rabiessmitte, skriv BBC. Forbodet varer i første omgang eitt år. Forbodet trer i kraft 14. juli og gjeld alle hundar, også terapihundar og blindehunder, som har vore i høgrisikoland dei siste seks månadene.
Ifølgje CDC blir importert over éin million hundar årleg til USA. Rundt 6 prosent av hundane kjem frå land der det er høg risiko for rabies.