Hopp til innhold

Dette skjedde natt til 14. juli

• Green Yard overtar Kleven Verft
• Ein sakna etter brann i Rendalen
• Munnbind-påbod i engelske butikkar

Kleven verft

Om lag 430 er tilsette ved Kleven verft i Ulsteinvik. No kjem det inn nye eigarar.

Foto: Per Eide

Green Yard Group overtar Kleven Verft

Green Yard Group overtar som ny eigar av det konkursramma Kleven Verft i Ulsteinvik. Kjetil Bollestad er tilsett som ny administrerande direktør.

Det nye namnet på verftet blir Green Yard Kleven.

Green Yard seier dei vil fortsette å bygge skip ved verftet som har 430 tilsette. Det er ikkje klart om alle dei tilsette kan fortsette. Det er kalla inn til allmøte på Kleven tysdag.

Ein sakna etter brann i Rendalen

Ein person er ikkje gjort greie for etter at det måndag kveld braut ut brann i eit bustadhus i Åkrestrømmen i Rendalen. Ein annan bebuar kom seg ut av huset, men fekk i seg ein del røyk, og er køyrd til Tynset sjukehus, opplyser politiet i Innlandet.

Huset var overtent då brannvesenet kom fram, og dei har drive ettersløkking i heile natt. Huset er totalskadd. Det er førebels for varmt på staden til at søk kan starte etter den sakna personen. To personar i 80-åra var busett på adressa.

Påbod om munnbind i engelske butikkar

Den britiske regjeringa har innført påbod om munnbind i butikkar i England frå 24. juli. Dei som bryt påbodet, kan vente seg ei bot på 100 pund, noko som svarar til om lag 1200 kroner.

Statsminister Boris Johnsons kontor viser til «aukande bevis» for at bruk av munnbind innandørs beskyttar individ og dei rundt mot koronavirus.

Skottland innførte påbod om bruk av munnbind på offentleg stad for ei veke sidan. I alt er bruk av munnbind no påbode på offentleg stad i rundt 120 land.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no