Hopp til innhold

Dette skjedde natt til 14. desember

• Proud Boys brente BLM-banner og kyrkjeskilt
• Canada har fått første vaksinar
• John le Carré er død

Ei gruppe Proud Boys brenn et Black Lives Matter-banner utanfor Ashbury foreinte metodist-kyrkje i Washington laurdag natt

Menn frå den høgreekstreme gruppa Proud Boys brenn eit Black Lives Matter-banner utanfor Ashbury foreinte metodistkyrkje i Washington.

Foto: VICTOR J. BLUE / NYT/NTB

Proud Boys brente Black Lives Matter-banner og kyrkjeskilt

Ei gruppe menn frå ytre-høgregrupperinga Proud Boys reiv ned banner og skilt framfor to kyrkjer i Washington. – Det minte meg om korsbrenning, seier ein religiøs leiar.

Vandalane reiv og ned banner utanfor ei anna kyrkje tett ved. Både kyrkjene ligg i sentrum av den amerikanske hovudstaden, i nabolag som er dominert av svarte.

Åtaka skjedde på natta etter ei rad valdelege samanstøytar mellom Trump-tilhengjarar og motdemonstrantar frå Antifa og Black Lives Matter.

Canada har fått dei første vaksinane

Statsminister Justin Trudeau seier dei første dosane med koronavaksine frå Pfizer og Biontech har kome til Canada. Søndag delte han eit bilde på Twitter som viser at vaksinane vert lossa frå eit fly.

Han minte folk om å laste ned den kanadiske smitteappen COVID Alert.

Laster Twitter-innhold

Forfattaren John le Carré er død

Briten John le Carré var ein av dei mest populære forfattarane i verda av spionlitteratur. Fleire av bøkene hans er filma, mellom anna «Spionen som kom inn frå kulda».

Han hadde bakgrunn frå britisk etterretningsteneste. Han døydde laurdag, 89 år gamal.

John Le Carre

John le Carre har skrive ei lang rekke bestseljarar innan spion-sjangeren.

Foto: CLAUDIO BRESCIANI / AFP/NTB

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no