Hopp til innhold

Dette skjedde natt til 14. desember

•Klimaforhandlingar i vranglås
•Rusa taxisjåfør køyrde i fjellvegg
•Avis: Trumps innsettingskomité blir etterforska

Dette skjedde natt til 14. desember

Klimaforhandlingar i vranglås
Få timar før partane i FNs klimaforhandlingar skal kome til semje, har forhandlingane gått i vranglås, ifølgje Kinas klimautsending Xie Zhenhua. Han seier dei «ikkje aksepterer noko fråfall». I Katowice i Polen prøver nærare 200 land å bli samde om eit regelverk for gjennomføringa av Parisavtalen. Samtalane har vara i nesten to veker.

Klimatoppmøtet i Polen
Foto: Kacper Pempel / Reuters

Rusa taxisjåfør køyrde i fjellvegg
Meldaren såg ein taxi køyre heilt villmann på plenar og gangvegar på Ammerud. Politiet fann taxien inne på skuleområdet til Ammerud skole der den hadde krasja i ein fjellvegg. Føraren er rusa, men uskadd, ifølgje politiet. Bilen er totalskadd.

Avis: Trumps innsettingskomité blir etterforska
Amerikansk politi etterforskar om komiteen bak innsettinga av president Donald Trump misbrukte 107 millionar innsamla dollar, skriv Wall Street Journal. Dei etterforskar også mogleg korrupsjon i samband med donorgåver.

Donald Trump under innsettingsseremonien som president

Donald Trump då han blei svoren inn som president.

Foto: Jim Bourg / Reuters

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no