Kardinal dømt til seks års fengsel for overgrep på to gutar
Kardinal George Pell (77) er i ein domstol i Melbourne i Australia dømt til seks års fengsel for valdtekt og andre overgrep mot to korgutar i 1996. Pell er ein av dei mest høgtståande geistlege som er blitt skulda og dømt for overgrep.
- Les meir:
Kardinal George Pell fotografert i februar.
Foto: Andy Brownbill / APEin skadd etter påkøyrsel
Ein mann skal vere hardt skadd etter at ein personbil køyrde inn i ein parkert trailer på ein rasteplass langs E18 ved Nygård i Ski i Akershus i natt. Personen blir frakta til Ahus. Kollisjonen skal også ha ført til store materielle skader.
Ulukka skjedde på ein rasteplass ved Nygård i Ski i Akershus.
Leitemannskap slit i Snåsa
Leitemannskap nærma seg sakte, men sikkert på veg til eit scooterfølgje på fire samar som har havarert i fjellet ved Snåsa i Trøndelag i natt, før dei avslutta i 5.30-tida for å vente på dagslys. Følgjet skal vere uskada og har søkt ly, men det er null sikt i området og vanskeleg terreng og leiteforhold.
- Les meir:
Scooterfølgjet sit fast på Imsdalsfjellet i Snåsa i Trøndelag.