Hopp til innhold

Dette skjedde natt til 13. mai

• Voldsom brann i Arendal
• Oljefondet kasta ut 12 selskap
• Russisk respirator kople til dødsbrannar

Brann Eydenavn

Brannen i Eydehavn var så kraftig at brannfolka ikkje klarte å sløkke, men måtte satse på kontrollert nedbrenning.

Foto: Leif Dalen / NRK

Kraftig brann i næringsbygg i Arendal

10 bebuarar i tre bustadhus vart evakuerte etter at det like etter midnatt byrja å brenne i Trevaren i Eydehavn.

Brannen kan ha starta i ein flissilo før han spreidde seg til ein stor produksjonshall. Brannsjef Dag Svindseth seier sløkkinga var ekstremt krevjande. Dei gav opp å sløkke flammane og måtte satse på ein kontrolelrt nedbrenning i natt.

Innsatsleder brann, Dag Svindseth, i Eydehavn i Arendal

Brannsjef Dag Svindseth i Aust-Agder brannvesen.

Foto: Leif Dalen / NRK

Oljefondet kasta ut 12 selskap

I alt 12 selskap er utelukka frå Oljefondet av miljøgrunner. Fem av selskapa er kasta ut på grunn av bruk av kol i produksjonen. Kunngjøringa kjem først no fordi det har tatt lang tid å få solgt aksjane, opplyser Noregs Bank.

Dei andre sju selskapa er utelukka fordi Noregs Bank meiner dei i ein uakseptabel grad fører til utslipp av klimagassar eller for medvirkning til alvorleg miljøskade.

Russisk respirator kopla til dødsbrannar

Ein ny type respirator frå Russland, som og er gitt i gåve til USA, vert undersøkt etter to sykehusbrannar der seks pasientar døydde.

Ein lege fortel at det brått kom flammar frå maskina som var tatt i bruk berre 10 dagar tidlegare.

Teknisk undersøkelse etter sykehusbrann som kan ha startet i respirator i St. Petersburg i Russland. Respiratoren var nylig tatt i bruk.

Ein etterforskar er i gang med teknisk undersøking av brannstaden på sjukehuset i St. Petersburg.

Foto: Dmitry Lovetsky / AP / NTB Scanpix

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no