Hopp til innhold

Dette skjedde natt til 13. januar

** Brann i einebustad i Kautokeino
** Den syriske hæren skuldar på Israel for bombing
** USA med sanksjonar for bruk av kjemisk våpen

1301

Einebustad overtent i Kautokeino

Ein einebustad i Kautokeino i Finnmark er overtent. Naudetatane er på staden, og brannvesenet jobbar med å sløkka brannen. Ingen skal vera skada, ifølge politiet i Finnmark.

Laster Twitter-innhold

Den syriske hæren gir Israel skulda for bombing på militær flyplass

Den syriske hæren gir Israel skulda for fleire store eksplosjonar som har ramma den militære flyplassen Mezzeh nær Syria sin hovudstad Damaskus. Ifølge det syriske militære er det snakk om rakettar skoten opp frå Nord-Israel. Det syriske militære seier at dei kjem til å ta hemn etter angrepet. Dette blir meldt på syrisk statleg TV, ifølge Reuters.

Flyplassen Mezzeh sørvest for Damaskus er strategisk viktig for Assad-regimet, og blir hovudsakleg brukt av dei syriske elitestyrkane. Det er også herifrå det har blitt fyrt av rakettar mot tidlegare opprørskontrollerte område utanfor hovudstaden.

USA med sanksjonar for bruk av kjemiske våpen

Obama-administrasjonen innfører straks sanksjonar mot 18 syriske embetsmenn, det syriske militæret og eit teknologiselskap. Sanksjonane inneber at amerikanarane ikkje får driva forretning med personane, militæret eller selskap på lista. Dersom nokon av dei har pengar i USA skal dei frysast og gjerast utilgjengeleg. Det opplyser det amerikanske finansdepartementet.

Bakgrunnen for den amerikanske reaksjonen er at ein FN-rapport har konkludert med at president Bashar al-Assad sin regjering har brukt kjemiske våpen i den seks år lange borgarkrigen i Syria.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no