Hopp til innhold

Dette skjedde natt til 13. august

• Kamala Harris til angrep mot Donald Trump
• Brann i rekkehus i Haugesund
• England justerer ned dødstalet med over 5000

Biden og Harris

Eitt døgn etter at ho vart utnemnt til visepresidentkandidat, viste Kamala Harris og Joe Biden seg saman i Biden sin heimby.

Foto: Olivier Douliery / AFP

Kamala Harris til angrep mot Donald Trump

Joe Biden og Kamala Harris deltok saman på ein pressekonferanse onsdag kveld. Den første gongen Kamala Harris snakka til pressa etter at ho vart utnemnt til visepresidentkandidat sette ho inn eit knallhardt angrep mot president Donald Trump.

– Vi har ein president som bryr seg meir om seg sjølv enn om veljarane sine, sa Harris, som også kalla Trump den mest sutrete presidenten i historia.

Brann i rekkehus i Haugesund

Klokka 00.18 kom det melding om at det brann i eit rekkehus i Harestien i Haugesund. Det var full overtenning i huset, men alle bebuarane kom seg ut og var uskadde. Omtrent ein time etter den første meldinga kom hadde brannvesenet kontroll på brannen. Det er store materielle skader på tre av bustadene.

Brann i Harestien i Haugesund
Foto: Rosa Irén Villalobos / NRK

England justerer ned dødstalet med over 5000

Meir enn eitt av ti dødsfall som vart registrerte som koronarelaterte skulle ikkje vore registrert i den offisielle statistikken, melder The Guardian. Årsaka er at fleire personar som var friskmelde av covid-19 vart registrerte i koronastatistikken da dei seinare døydde. Talet blir justert ned med over 5000, og dermed er 41.329 koronarelaterte dødsfall registrerte i England.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no