Hopp til innhold

Dette skjedde natt til 13. april

• Arrestert etter drap å Røa
• Tåregass i Minneapolis
• Will Smith avlyser film i Georgia

Politibil ved åsted for drap på Røa

ÅSTAD: Politiet jobba i natt på drapsstaden på Røa.

Foto: Torstein Bøe / NTB

Mann skoten og drepen på Røa

Ein mann i 30-åra er sikta for drap etter at ein mann vart skoten og drepen i ei leilegheit på Røa i Oslo måndag kveld. Den sikta er etnisk norsk og norsk statsborgar.

Politiet er svært tilbakehaldne med opplysningar, og ønskjer ikkje å gi detaljar om avdøde eller relasjonen mellom han og den sikta.

Heftige protestar i Minneapolis

Det har i natt vore samanstøytar mellom demonstrantar og politi i Minneapolis i USA, etter at ei kvit politikvinne søndag skaut og drap ein svart 20-åring, truleg ved eit mistak.

Politiet har i natt bruka tåregass mot demonstrantar som har brote portforbodet i byen i natt.

Protester i Minneapolis 12.4 2021

BRUKTE TÅREGASS: Store politistyrkar var utkommanderte for å halde ro i gatene i Minneapolis I NATT.

Foto: KEREM YUCEL / AFP / NTB

Will Smith avlyser filming i Georgia

Hollywood-skodespelaren Will Smith flytter planlagde filmopptak frå Georgia i protest mot den nye vallova som han meiner gjer det vanskelegare å stemme i delstaten.

I Georgia får filmselskap store skattefordelar, men innstramming i vallova gjer at Will Smith og regissør Antoine Fuqua flyttar produksjonen av filmen «Emancipation» som handlar om eit slaveopprør, til ein annan delstat. Filminga skulle starta i juni.

Will Smith og Antoine Fuqua

PROTEST-AVLYSER: Will Smith og Antoine Fuqua vil ikkje gjere filmopptak i Georgia.

Foto: AP / NTB

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no