Hopp til innhold

Dette skjedde natt til 12. oktober

•Avis: Tyrkia skal ha video og lyd av journalist-drap
•Orkanen Michael har teke sju liv
•Tolv omkomne i jordskred i Colombia

12. oktober

Avis: Tyrkia skal ha video og lyd av journalist-drap
Tyrkiske styresmakter har fortald amerikanske tenestemenn at dei har video og lydopptak som beviser at Jamal Khashoggi blei drepen av saudiarabiske tenestemenn, ifølge Washington Post.

En aktivist holder et foto av Jamal Khashoggi

Ein aktivist held eit foto av Jamal Khashoggi under ein demonstrasjon utanfor det saudiarabiske konsulatet i Istanbul i Tyrkia.

Foto: Osman Orsal / Reuters

Orkanen Michael har teke sju liv
Minst sju personar har mista livet som følgje av den svært kraftige orkanen Michael, som traff Florida onsdag og fortsette vidare mot fleire andre delstatar. Minst fire av dei døydde nordvest i Florida, medan éin person mista livet i delstaten Georgia.

Tolv omkomne i jordskred i Colombia
Tolv personar, inkludert fire barn, er døde etter at husa deira vart tekne av eit jordskred sentralt i Colombia medan dei låg og sov, ifølgje styresmaktene. Sju hus vart øydelagd, og det fekk følgjer for 16 familiar. 53 personer vart redda ut i live.

Jordskred i Colombia

Redningsmannskapar leitar etter overlevande etter at kraftig regn førte til eit jordskred i Marquetalia i Caldas i Colombia.

Foto: Ho / AFP

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no