Kvinne sakna i Jotunheimen
Politiet og frivillige leitemannskap har sidan midnatt leita etter ei amerikansk kvinne i 50-åra. Ho vart meldt sakna av to familiemedlemar som gjekk i førevegen til Glitterheim i Jotunheimen. Helikopter var med i søket fram til klokka 4 tysdag morgon, men måtte gi seg grunna dårleg vêr. Det blir kalla inn ekstra leitemannskap for å styrke innsatsen på bakken.
Les meir:
USA evakuerer éin million unna orkanen Florence
Styresmaktene i USA evakuerer over éin million innbyggjarar før orkanen Florence treff delstaten South Carolina torsdag. Orkanen vil tysdag nærme seg den sterkaste orkankategorien, kategori 5. Det blir venta at Florence kan føre til store øydeleggingar når han treff landområde.
Les meir:
Orkanen Florence fotografert frå den internasjonale romstasjonen ISS.
Foto: APMenneskerettsdomstol blir trua med sanksjonar
USA truar Den internasjonale straffedomstolen med sanksjonar dersom han går vidare med å straffeforfølgje amerikanarar, ifølgje BBC. Domstolen vurderer å påtale tenestemenn for mishandling av fangar i Afghanistan. Palestina har også klaga inn Israel for brot på menneskerettane på Gaza og Vestbreidda, noko USA også protesterer mot.
USAs nasjonale tryggleiksrådgjevar John Bolton kom med sterke utfall mot Den internasjonale straffedomstolen natt til tysdag.
Foto: Eric Thayer / Reuters