Hopp til innhold

Dette skjedde natt til 11. august

• Skyteepisode utanfor Det kvite huset
• Faddervekefestar i byane
• 46 nye smitta i Noreg

Donald Trump vart eskortert ut av sin eigen pressekonferanse måndag.

Pressekonferansen fekk ei uventa vending da ein Secret Service-agent varsla Donald Trump om skyteepisoden utanfor Det kvite huset.

Foto: Andrew Harnik / AP / NTB Scanpix

Skyteepisode utanfor Det kvite huset

President Donald Trump vart eskortert ut av pressekonferansen sin i Det kvite huset måndag kveld, berre nokre minutt etter at den hadde begynt. Etter nokre minutt kom presidenten tilbake igjen, og forklarte at det hadde vore ein skyteepisode utanfor. Ein mistenkt, som var væpna, var blitt skoten av ein Secret Service-agent, og vart frakta til sjukehus, ifølge Trump.

Ein av agentane skal også ha vorte skadd og sendt til sjukehus. Det er uklart om skytinga hadde noko med Trump å gjere.

Faddervekefestar i byane

I fleire av dei store byane i Noreg var det festar i natt. Måndag var den første dagen i fadderveka, og nye studentar samla seg for å bli betre kjende med kvarandre. I Frognerparken i Oslo fekk politiet melding frå ein som meinte at det var over tusen personar i parken. Ifølge politiet heldt ikkje studentane anbefalt avstand i parken. Like før klokka tre melde politiet at studentane hadde forlate parken, men at det låg igjen mykje søppel.

I Trondheim fekk politiet så mange meldingar frå folk som fekk forstyrra natteroa, at dei ikkje klarte å svare alle. Også i Kristiansand fekk politiet mange meldingar om bråk. I Molde fekk politiet meldingar om høge smell. Vitne opplyste at det var fyrverkeri som forårsaka smella.

Laster Twitter-innhold

46 nye smittetilfelle i Noreg

Det siste døgnet fekk 46 personar påvist smitte av koronaviruset her i landet. Auken er litt større enn dagen før, da fekk 39 påvist smitte.

Folkehelseinstituttet har registrert 256 koronarelaterte dødsfall i Noreg. I alt har 9684 nordmenn testa positivt for koronaviruset.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no